FØR KAMPEN: ROS IL

Førre møte mellom Bergsøy og Ros vart ein målrik handballkamp som blei avgjort i siste sekund. Med pauseresultat 20-20, enda det med resultatet 38-37 til fulltid, i favør Bergsøy. Onsdagsformiddag reisar Bergsøy-herrane austover og til Drammen for å spele ein svært viktig kamp mot nettopp tabellnabo Ros.

Etter 20 (19) serierunder kan ein byrja å sjå konturane av kva lag det er som skal krige om å behalde plassen i årets 1. divisjon. Dei fire lågast plasserte laga går ned til 2. divisjon, og pr idag kan det sjå ut som det blir ein jamn kamp mellom Nøtterøy, Bergsøy og Ros. Sjølv om vegen oppover på tabellen er kort, må kampar også vinnast.

1Follo HK191810589 – 45837
2Sandefjord201523624 – 49832
3Charlottenlund191324569 – 52828
4Falk19946572 – 51922
5Bodø201019630 – 59321
6Grenland Topphåndballklubb21939586 – 56121
7Melhus191018562 – 53621
8Ryger Stavanger20839539 – 53219
9Nøtterøy Håndball208111603 – 61017
10Bergsøy208111581 – 63917
11Ros196310572 – 58615
12Fyllingen207112573 – 58913
13Oslo-Studentenes IK193214490 – 5938
14Randesund190118447 – 6951
Slik ser tabellen ut pr 27.02.2024 i 1. divisjon

Onsdagens motstander: ROS

ROS er eit ung lag med spelarar for framtida med høg utviklingskurve. Til dømes er dei eit av få lag i årets 1. divisjon med to spelarar på Topp 10 i toppscorer. David Walderhaug og Kristian Gjestrud har til saman scora 258 av ROS sine totalt 572 scora mål. Eit ungt lag med ungdommelig pågangsmot og mykje tempo og ikkje minst skuddkraft i form av Walderhaug. Eldstemann på laget er rutinerte Håkon Økern, som bidreg med erfaring og størrelse både offensivt og defensivt.
Bergsøy er heller ikkje kjent for å være noko «oldboys»-lag, med majoriteten av laget føydde på 2000-talet.

Både Bergsøy og Ros visar til resultat som er vanskelig å tolke for dei som fylger med. Til dømes viste Bergsøy seg frå si beste side då dei slo Grenland overbevisande 24-21 i Herøyhallen, før dei drog til Austlandet og tapte med 11 mål mot opprykksfavoritt Follo. Deretter var det til Volda Campus og møte Nøtterøy, ein handballtriller Bergsøy vant med eitt mål takket vere ei kanonredning av Oddvar Roseth bakerst i siste sekund. Før Bergsøy-herrane igjen fikk bank av Sandefjord med tala 24-38 til Sandefjord.

STENGT: Oddvar Roseth stengte buret på siste skott førre kamp mot Nøtterøy, men må grunna kyssesjuka, sjå kampen frå sofaen på onsdag


Ros derimot er hakket jamnere enn Bergsøy. Dei har ein sigar mot Sandefjord (29-26) og uavgjort mot Falk Horten (29-29) i 2024, men dei har også tap mot nevnte Nøtterøy (31-29), Ryger (32-28) og førre helg blei Ros feid av bana i Trøndelag av Melhus (40-29).

Det er rett og slett ikkje lett å vite kva for versjon av verken Bergsøy eller Ros som stiller opp på onsdagens kamp i ROS Arena. Det ein derimot veit er at dette blir ein nervepirrande kamp frå fyrste sekund som betyr ekstremt mykje for begge lag.

Bergsøy Handball oppfordrar og håpar alle utflytta Herøyværingar møtar opp onsdag 28.02 klokka 18:30 i ROS Arena (Adresse: Ovnerudveien 1, 3430 Spikkestadfor) å støtte Bergsøy fram til to viktige poeng i bunnstriden!