Skip to content

Nye Smaragd AS blir ny samarbeidspartner til Bergsøy IL Handball

Tekst: NTH Publisert: 08/05/2023

Bergsøy IL Handball og Nye Smaragd AS har signert en 3års samarbeidsavtale

Vi gratulerer Bergsøy IL Handball med opprykk til 1. divisjon!

Opprykkskampen i Herøyhallen, med fantastisk stemning på tribuna, viser resultatet av den den flotte jobben Bergsøy IL Handball gjer og har gjort over fleire år for å nå sitt store mål om spel i 1. Divisjon. Dette er sjølvsagt ei fantastiske mulegheit til å sette Bergsøy, Fosnavåg og regionen på kartet og vi ønsker å være på lag!

At vesle Bergsøy skal entre nasjonal liga og vere blant dei 28 beste laga i Norge, er ei storhending! Dette trur vi har stor verdi for heile lokalmiljøet. Vi i Smaragd ønsker å være med på å danne grunnlag for vidare utvikling og satsing for Bergsøy IL Handball både på seniornivå, og ikkje minst på breddenivå, i åra som kjem.

Vi ser at viktige verdiar som glede, begeistring, respekt og samhald vert styrka gjennom idretten, derfor oppfordrar vi også andre til å støtte opp om Bergsøy IL Handball og dette historiske opprykket!

Nye Smaragd AS er eit rederi på lag for framtida.

Heia Bergsøy!

Comments are closed.
base