Bergsøy Handball fjernar treningsavgifter for alle barn i 1- 4 klasse

Bergsøy Handball har som mål at alle barn skal få muligheit å delta på aktivitetar og idrett. I samarbeid med dagens sponsorar og nye sponsorar har styret i Bergsøy Handball vedtatt at vi fjernar treningsavgifta for alle barn i 1 til 4 klasse for sesongen 2023-2024. Pga krav frå idrettsforbundet må framleis medlemsavgift på 100kr pr år betalast til Bergsøy IL, barna er då samtidig til dømes forsikra på treningar og kamp.

Styret og Markedsutvalget i Bergsøy Handball vil halde fram med å jobbe med sponsorane våre for å utvide dette tilbodet og håpet er at dette blir ei permanent løysing og at vi kan inkludere fleire alderstrinn.

Bergsøy Handball viser no at utrykket «Topp skaper Bredde» med å kunna innføra dette. Vi hadde ikkje kunne gjort dette utan at sponsorar som har auka bidraga sine og dessutan nye sponsorar som har komme inn etter opprykk til 1 divisjon.

Ingen barn skal bli utestengde frå idretten for at det er for dyrt og ber om at eventuelt andre som har det trongt økonomisk tek kontakt med Bergsøy Handball slik at vi kan hjelpe at barn kan framleis delta. Det finst fleire støtteordningar til dette, til dømes Kontantkassa som er eit tilbod frå Møre og Romsdal Idrettskrets.

https://www.heroy.kommune.no/tenester/kultur-og-fritid/stotte-og-tilskot/kontantkassa/

Ein stor takk til Sparebank 1 SMN, Rem Maritime, Fosnavaag Pelagic AS, Havila Holding, Olympic Shipping, Fokus Regnskap AS, HAV Group AS, Finefish AS, Tussa Kraft, Berg Hansen Nordvest, Kongsberg Maritime, Aktiv Trening, Remøy Havfiske AS, MMC First Process AS, Nye Smaragd AS, Herøyhav AS