Herøyhav AS ny sponsor til Bergsøy Handball
Bergsøy handball er stolte av å kunne presentere endå ein ny samarbeidspartnar framfor sesongen i år, Herøyhav AS. Bergsøy Handball og Herøyhav AS inngjekk i sommar eit viktig partnarskap for å kunne vidareutvikle Bergsøy handball sitt tilbod til barn og unge.
I tillegg så forstår vi også viktigheita av at ein lokal klubb som Bergsøy også har klart å kvalifisere seg til 1.-divisjon. Dette er viktig for at barna våre og unge skal ha gode førebilete og dessutan sjå kva som er mogleg med hardt og målretta arbeid, seier Ronald Ervik i ei pressemelding.
På lik linje med fleire av sponsorane i år, så var det og viktig for Herøyhav AS at klubben har fjerna treningsavgifta for aktive under 10 år. – Fjerning av treningsavgifta for alle under 10 år er første steget for Bergsøy IL Handball og vi har ein felles visjon om at det skal bli gratis for alle barn og unge og drive med idrett på sikt.