Trenaren etter kampen: – Dette byggjer sjølvtillit!

Bergsøy sikra seg ein imponerande siger mot Bodø på bortebane søndag 17. september. Trenar Rikard Moe er storfornøgd med eit sluttresultat på 35–33.

– Det var fantastisk bra gjort å vinne. Fantastisk laginnsats. Alle på bana kjemper heroisk. Vi heldt oss godt til køyreplanen, og sjølv om vi hadde nokre korte periodar der vi fall litt ut, kom vi sterkt tilbake. Dette gir god sjølvtillit. Vi har nivået inne, og i dag fekk vi vise det, seier Moe om kampen.

Kampen starta sterkt for Bergsøy, som kom fint ut av startblokkene og spelte jamt og bra dei første 17–18 minutta. Sjølv om Bodø hadde nokre gode stunder og reduserte leiinga fleire gonger, klarte Bergsøy å halde dei på avstand. Bergsøy leia ved utgangen av fyrste omgang 17–15. Andre omgang starta likevel dårleg for Bergsøy. Halve omgangen vart Bergsøy liggande bak, men med ti minutt att på klokka klarte Bergsøy og snu det.– I andre omgang startar vi ganske grueleg, men etter ein timeout får vi samla oss igjen og hentar oss inn igjen og tek etter kvart leiinga tilbake, seier Moe til Vestlandsnytt.Han meiner Bodø viser seg frå ei sterk side.– Men i dag er vi faktisk betre. Eg skal innrømme at eg vart litt overraska over oss sjølve. Dette var ikkje to poeng vi hadde førehandsbooka. Det er heilt vanvitig. Eg får faktisk gåsehud berre av å snakke om det, seier ein nøgd Bergsøy-trenar.Kampen vart avslutta med ei stilling på 35–33 i favør Bergsøy, som no ser fram til neste utfordring i 1. divisjon. Laurdag 23. september blir det heimekamp mot Falk.

Tekst kopiert fra Vestlandsnytt