FØR KAMPEN: Oslo-studentenes IK

Førre søndags siger mot Ros IL på heimebane er historie og  allereie komande søndag reiser gutane til Oslo og Oppsal Arena for å ta fatt på ny kamp mot Oslo-Studenens IK. Bergsøy byrja sesongen svakt og stod berre med 2 poeng etter dei fyrste 6 kampane, men har dei siste to kampane kapra til seg to flotte sigarar på rad og 4 nye poeng. Bergsøy har klatra opp frå 11. plass på tabellen til ein respektabel 9. plass. Èin kamp meir spelt enn laga under seg.  

 

Nicolay Nordli og resten av laget reiser til Oslo på søndag for å spele mot OSI handball


Vi har teke ein prat med Bergsøyspelar Nicolay Nordli, som blei utvist førre kamp allereie etter 14 minutt mot ROS IL.

Etter ein svak start på sesongen, har dykk no kjempa dykk til 4/4 poeng siste to kampane. Er det ei gruppe med sjølvtillit som reiser til Oslo for å spele kamp?

Ja, jeg vil si det er en god gruppe med selvtillit som reiser til Oslo. Vi har vist nå i de siste to kampene at vi er gode nok til å vinne håndballkamper i denne divisjonen, og alle har selvfølgelig lyst til å fortsette trenden med en seier i Oslo mot OSI.

OSI Handball har som Bergsøy, fått ein tøff start på sesongen. Kva skal til for at begge poenga blir med heim til sunnmøre?

Jeg tror at det som skal til for å ta med poengene hjem er at vi er disiplinerte i spillet vårt og spiller godt sammen som et lag. De har en veldig god målvakt, så det er viktig å være konsentrert i avslutningsøyeblikket også. Selvom OSI ikke har hatt den beste starten så er det helt klart et lag som kan gi motstand. De har spilt jevne gode kamper selvom det har endt med tap. Men vi skal sørge for å legge igjen det vi har utpå banen, så skal det forhåpentligvis holde til seier.

Sjølv om OSI berre står med eitt poeng etter sine fyrste 7 kampar, blir vi ikkje overraska om OSI handball snart byrjar å plukke poeng.  Dei tre siste kampane deira har alle vorte avgjort med 3 mål eller mindre: 27-24 tap mot Melhus,  27-27 mot ROS IL (som Bergsøy nyst slo med eitt mål) og 27-26 tap mot Ryger Stavanger. Dei fekk samtidig eit respektabelt resultat mot opprykksfavorittane Sandefjord (26-22) tidlegare i sesongen. Så er det store spørsmålet på søndag: kan Bergsøy Handball fortsette sine gode trend og få sin 3. strake siger eller vil OSI Handball endelig få årets første siger?  

Svaret får du på søndag klokka 14:00, enten på TV2 PLAY eller live i Oppsal Arena! Bergsøy oppfordrer og håper alle Bergsøy-tilhengerer i Oslo-område vil stikke innom Oppsal Arena og støtte Bergsøy Handball til ny siger i 1. divisjon!