To nye poeng i Oslo mot OSI Handball

Etter to jevne kampar i Herøyhallen der Bergsøy har vunnet med knappast mogleg margin, kom det endelig ein komfortabel siger i hovudstaden.

Ein bedageleg dag på jobben for min del, seiar Rikard Moe.

Nett bedageleg blei det også for resten av laget. Bergsøy var aldri truga i løpet av kampen mot OSI Handball. Allereie i oppvarminga kunne ein sjå at Bergsøy var meir klar for oppgava enn det OSI Handball var. Ei Bergsøy-tropp virka meir fokuserte, klar for å ta fatt i oppgava og hadde eit mål for auge: to nye poeng.

For fyrste gang i år kunne ein sjå Bergsøy-gutta ta kommando frå fyrste minutt og allereie etter 15 minutt var Bergsøy oppe i ein 3 måls ledelse. Kollektivet Bergsøy hadde få problemet med å løyse OSI Handball sin defensive kamp-plan og hadde scora 16 mål til pause, samtidig som OSI Handball berre hadde fått 11 mål bak Bergsøy-keeper Oddvar Johan Roseth.

Etter kampslutt viste resultattavla 32-24 og Bergsøy kunne, med god hjelp frå utflyttande Herøyværingar på tribuna, innkassere to nye poeng og sin tredje strake siger!

Vi har brukt heile veka på å jobbe med forsvaret vårt, og det har gjeve resultat, seier Rikard Moe, trener for Bergsøy Handball.

Kampens bestemannspris gjekk til linjespelar Simen Haugen. Nevnte Haugen har nytta den forsvarsorienterte treningsuka godt og stod solid bakover, samt eit konstant uromoment for motstanderen offensivt og putta seks ballar bak målvakta til OSI Handball, samt skaffa Bergsøy to straffer.

Neste kamp er mot Melhus, i herøyhallen komande laurdag klokka 13:30. Vi håpar publikum vil kome og støtte laget til sin 4. strake siger i årets 1. divisjon!