FØR KAMPEN: MELHUS

Nok ein kamp i boka førre veke og to nye poeng i sekken for Bergsøy Handball. Komande laurdag kjem Melhus til Herøyhallen. Laget som ligg plasseringa bak Bergsøy (med ein kamp mindre spelt) kjem til Fosnavåg etter ein knallsterk siger på heimebane mot Ryger.

Bergsøy si heimebane har dei siste kampane blitt akkurat som vi håpa det skulle bli: eit «fort». Mykje tilskodera, mykje støy og god støtte i ryggen på våre gutar. Laurdag klokka 13:30 står enda ein heimekamp for tur i Herøyhallen. Melhus kjem på besøk, og etter det mange i handballmiljøet vil kalle ein svak start for laget fra Trøndelag, ser det ut som dei har kome på vinnarsporet igjen. Siger mot henholdsvis OSI Handball og Ryger Stavanger har gitt trønderane eit løft poengmessig og på tabellen.

Vi har tatt ein prat med Bergsøyspelar Philip Haga og kva han tenker om laurdagens kamp mot Melhus.

Haga tror det blir en jevn kamp når Melhus ankommer Herøyhallen



To poeng mot OSI, totalt dykk e oppe i på 8 poeng. For tre kampar sidan såg det nesten litt stygt ut med ein 11. plass og ein siger på seks kampar. No byrjar Bergsøy og sjå oppover på tabellen med ein 7. plass og 3 sigarar på rad. Kva er forskjellen på Bergsøy i september/oktober og Bergsøy no november?

Vi er i en god flyt nå med 6 poeng på tre kamper og en gruppe med selvtillit. Den største forskjellen fra september/oktober no november, er at vi har klart å trekke det lengste strået i de kampene vi har hatt, sist kamp var det litt svakere motstand å da ble det en litt mer komfortabel seier også. I oktober møtte vi opprykksfavorittene 1 og 2 plass på tabellen nå, også gikk vi på noen tap mot noen lag jeg vet vi er gode nok til å ta poeng mot. Men det har vi gjort i de siste kampene, vi har tatt poeng mot lag vi er gode nok til å slå. Så vet vi enda at vi har mere å gå på, og ting å jobbe med.

Melhus er blitt Bergsøy sin tabellnabo og kjem frå ein sterk siger på heimebane mot Ryger, same lag som dykk slo i siste sekund på heimebane. Kva type kamp har vi i vente på laurdag heime i Herøyhallen?

Melhus blir en en artig kamp, de har vist at topp nivået demmes er bra. Jeg tror det blir en kamp med mye god handball og en jevn kamp.

Laurdag klokka 13:30 i Herøyhallen får vi svaret. Eit av laga vil fortsette sin gode trend. Vil Bergsøy få sin 4. strake siger eller vil Melhus gå for sin 3. strake siger? Det er to lag i god form, så dette er ein handballkamp Herøy-publikumet ikkje vil gå glipp av!

Bergsøy Handball oppfordrar publikum til å kjøpe billettar på forskudd.

Billettar kjøpes her!