Berre nesten mot Melhus

Ein fartsfylt kamp i Herøyhallen med mykje gode forsvarsaksjonar og to svært gode keepera gjorde at kampen på laurdag blei ein jevn batalje heilt inn.

Det såg lenge veldig bra ut for Bergsøyherrane. For fyrste gang på heimebane såg det ut som herrane hadde knekt koden defensivt. Harde duellar, disiplinerte returløp og ei god målvakt bakerst var oppskrifta til at Bergsøy berre hadde sluppe inn berre 13 mål bak til pause og kunne gå i garderoba med ein 16-13 leiing etter halvspelt kamp.

«Oddy» hadde 4 strafferedninger og blei fortjent kåra til banens beste (Foto: Eivind Sævik)

Etter pause starta Bergsøy akkurat slik som dei avslutta. Dei økte forspranget fra 16-13 til 21-16 og det såg lenge ut til at to poeng skulle bli att i Herøyhallen og Fosnavåg.
Så byrja det stange imot. Bergsøy begynte å henge etter i forsvar og fekk 2 minutter utvisninger etter 2 minutter utvisninger. Samtidig våkna Melhus sin keeper til liv og plukka ball etter ball som kom mot han i mål.

Frå 40 minutt i kampen på stillinga 21-16, krympa ledelsen til Bergsøy og Melhus tok for fyrste gang sidan byrjinga av kampen ledelsen 24-23. Der i frå og ut såg Melhus seg aldri tilbake og fortsatte trykket mot Bergsøy og raste i frå Bergsøy til ein 28-25 sigar.

Dette tapet gjer at Bergsøy går ned på ein 10. plass, lik poengsum med Nøtterøy som ligg under streken, på ein 11. plass. Det er tre poeng som skill 4. plass og 11. plass på tabellen, så dei tre neste kampane blir svært viktige for Bergsøyherrane.

Allereie fredag 1. desember sit gutane seg på buss ned til Porsgrunn for å spele mot Grenland komande laurdag 2. desember. Ein svært viktig kamp der Bergsøy Handball organiserar salg av bussbillettar for Bergsøy-fans slik dei kan vere med å sjå kampen. Vi håpar å sjå Bergsøysupportarar på tribuna når kampen kastast i gang i Porsgrunn Arena, laurdag 2. desember klokka 16:00.