Nytt knepent tap i Porsgrunn Arena

Etter eit uheldig tap mot Melhus førre laurdag, ville Bergsøy-gutta bevise for seg sjølve at dette ikkje var standarden dei ville stå for. Laurdag 2. Desember var det ein tent Bergsøy-gjeng som møtte til kamp i Porsgrunn Arena. Ein gjeng som ville revansjere seg etter førre prestasjon.

Allereie frå start av kunne ein sjå antydningar til eit heiltent Bergsøy-lag. Offensivt fungerte det dei prøvde på og defensivt stod sisteskansen «Oddy» som ein vegg, med god hjelp frå eit bunnsolid forsvar. Det kunne virke som at Bergsøy ikkje berre var betre forebudd, men dei såg også rett og slett ut som eit bedre handball-lag.

Gutane vår tok kommandoen frå start og var oppe i både 5 og 6 mål-ledelse i løpet av 1. omgang. Både på 9-5, 12-7 og 15-9, var det stor tru på at 2 poeng skulle verte med heim til Fosnavåg. Ein all around bunnsolid 1. omgang gjekk Bergsøy til pause med 18-14 ledelse, anført av ein god Raivis Gorbunovs og Oddvar Roseth.

Med 9 mål på 13 skot og 10 målgivande pasningar blei Raivis kåra til banens beste i Porsgrunn.

Pausepraten gikk mykje ut på å fortsette den same stimen gutane hadde i 1. omgang. Ein kan tru at 2. omgangen mot Melhus sat igjen i bakhovudet, men ein blei enig om at dei måtte forvente ein motstandar som kom ut i 100 og at ein måtte unngå å gå i same felle som mot Melhus.

Allereie etter 12 minutt av 2. omgang var desverre 4-målsleiinga spist opp av Grenland, og ein kunne få følelsen av ein liten «dèjà vu» frå førre helg. Forskjellen denne gong var at laga fulgte kvarandre tett heilt til siste slutt. Grenland kom aldri meir enn eitt mål foran før Bergsøy utligna til uavgjort i nærmere 15 minutt, før dei fikk litt pusterom på stillinga 30-28, fem minutt før slutt. Med 15 sekund igjen og eitt mål bak, hadde Bergsøy ingen andre val enn å gi Grenland ei avslutning i håp om ei redning frå keeper Oddvar og kontring imot. Slik gjekk det ikkje. Grenland scora på sin moglegheit, og sikra seg ein to-målssiger, 32-30 og to poeng på si ega heimebane.

Etter tre sigarar på rad for Bergsøy-guttane, er det no blitt to tap på rad. Neste moglegheit for poeng er komande laurdag i Herøyhallen. Då møtar Randesund opp til kamp om 2 poeng. Randesund er i likheit med Bergsøy eit nyopprykka lag og har tilgode å vinne ein kamp i årets 1. divisjon. 1 uavgjort og 10 tap er fasit for gutane frå Sørlandet.

Vi håpar så mange som mogleg vil ta turen til Herøyhallen komande laurdag, den 9. Desember, klokka 16:00, for å støtte gutane til to viktige poeng i årets 1. divisjon!