FØR KAMPEN: RANDESUND

Fyrstkomade laurdag 9. desember kjem Randesund til Herøy for å spele årets siste heimekamp i Herøyhallen. Randesund er i likheit med Bergsøy nyopprykka og klubben frå Kristiansand har fått det tøft første del av sesongen. Eitt poeng mot Ryger (24-24) i sesongåpninga, deretter har det vorte 10 strake tap for laget frå sørlandet.

Bergsøy-herrane hadde ein fin flyt i november: tre strake sigerar, deretter har det blitt to sure tap på rappen. I begge kampane har Bergsøy leda med minimum fem mål og hatt tilsynelatande god kontroll. Vi har snakka med Bergsøy-keeper Oddvar Johan Roseth og kva han tenkar om kampane som har vore og kampen som kjem.

Tre strake sigerar, før påfølgande to sure tap. No ventar Randesund i Herøyhallen, kva er dine tankar om laget som enno ikkje har vunne ein kamp?

– Absolutt sure tap desse to siste kampane der eg følger vi burde stått igjen med minst to poeng. Heldigvis har vi tre fine sigerar før som gjer at vi fortsatt heng med dei sju laga mellom 5.-11. plass. Skal vi fortsette å holde følge med laga rundt oss på tabellen er det veldig viktig at vi tek to poeng mot Randesund. Det er eit lag vi absolutt ikkje kan undervurdere, men samstundes må vi være såpass ærlege med oss sjølve at om vi skal klatre, må vi ha forventninger til oss sjølve om to poeng på heimebane.

Bergsøy-keeper Oddvar Johan Roseth har vore både høgt og lavt i år og har fleire gongar blitt kåra til «banens beste» i årets sesong

To komfortable ledelsar mot henholdsvis Melhus og Grenland har begge endt i tap. Korleis skal dykk unngå å fortsette i det mønsteret mot Randesund?

– Eg synas vi hadde to solide omgangar (1. omgang) både mot Melhus og Grenland. Det er noko vi må ta med oss vidare. Vi spelar god handball i lengre periodar i begge kampane. Dessverre har vi hatt dårlige periodar kor vi blir ekstremt hardt straffa. Om vi vil heve oss på dette nivået må vi være meir stabil og håndtere dei kritiske fasane bedre. Det er noko som blir viktig for oss, ikkje berre mot Randesund på laurdag, men også i kampane framover om vi skal plukke nødvendige poeng for å halde oss i divisjonen.

Etter 11 runder i årets 1. divisjon står Bergsøy med 4 sigerar og 7 tap, det betyr 8 poeng på kontoen og ein 11. plass på tabellen, som betyr nedrykk. Heldigvis er det berre to poeng opp til sikker plass. Årets 1. divisjon virkar å bli rekordjevn. Frå 5. plass og heilt ned til 11. plass skil det berre 3 poeng, så kvar kamp vil være ekstremt viktig for Bergsøy for å kunne beholde plassen i divisjonen.

Årets tabell 1. divisjon 2023/2024

Bergsøy Handball ynskjer velkommen til kamp i Herøyhallen, laurdag den 9. desember klokka 16:00.

PS: Bergsøy G16 spelar treningskamp mot Spjelkavik klokka 13:30, for den som ynskjer ein oppvarmingskamp før Bergsøy – Randesund.

Vi oppfordrar til å kjøpe billettar før du kjem til hallen, så vi unngår kø!

Billettar kjøpast her