To poeng og full kontroll i 60 minutt

Etter to sure tap mot henholdsvis Melhus og Grenland, var det eit tent og konsentrert Bergsøy-lag som ville vise seg frå ei bedre side mot Randesund. Allereie etter 5 minutt var Bergsøy oppe i 4-0 og såg seg aldri tilbake mot eit svakere Randesund-lag.

Etter ei god treningsuke og forberedelse av motstandaren var det duka for kamp mot tabelljumbo Randesund. «Vi får ikkje lov til å undervurdere dette laget» var Rikard Moe sine ord før kampen. Det var det tydeleg at Bergsøy-herrane ikkje gjorde. Eit kompakt og ikkje minst tålmodig forsvarsspel leda til mange raske kontrings- og ankomstmål for Bergsøy i dei fyrste 15 minutta av kampen og resultattavla viste 12-5 etter halvspelt 1. omgang. Ein kunne sjå at dette var fyrst og fremst eit steg opp fra førre kampar, men også at Randesund var eit par knepp ned ferdighetsmessig frå Melhus og Grenland. Bergsøy gikk til pause med ledelsen 20-11 og kampen var i praksis avgjort etter ein omgang.

Ekstra gledelig var det at fleire frå benken fikk moglegheiten til å vise seg fram og trenar Rikard Moe rullerte tidlig på laget og fikk prøve «nye» konstellasjonar på bana. Verdt å nevne er at unge Victor Grimstad fikk sin 1. divisjons-debut og gjorde sakene sine særs godt på venstrekant.

Victor Grimstad (18) fekk sin debut i 1. divisjon og spelte heile 2. omgang og scora 3 mål på 4 skudd.

Etter pause fortsatt Bergsøy dominansen og var på det meste oppe i ein 14-målsledelse. Høgt tempo, mykje mål og god stemning på tribuna førte til at då kampen blei blåst av stod det 38-28 på resultattavla og Bergsøy kunne juble for sigar og to viktige poeng. Heile ni spelarar teikna seg på måltavla, mestscorande blei Philip Haga med 9 reine spelarmål. Banens beste blei Mikkel Hansen.

Ni spelarar teikna seg på måltavla i kampen mot Randesund

Neste kamp er også årets siste kamp. Då reiser laget med Havila kystruten til Bergen for å spele mot den gamle storheiten Fyllingen. Eit lag som er under Bergsøy på tabellen, men har vist til sterke resultat siste kampane. Til den anledning har Bergsøy Handball organisert slik at Bergsøy-fansen kan være med på tur via Havila Kystruten. Vi håper så mange som råd ynskjer å bli med og støtte herrane til to viktige poeng og ei kjekk heimreise med supporterane og spelarane.

Slik blir du med Bergsøy-herrane på Kystruta til Bergen til årets siste bortekamp.