FØR KAMPEN: FYLLINGEN

Etter ein fin timålssiger mot Randesund i Herøyhallen forrige laurdag, sett gutane kurs mot Bergen og Fyllingsdalen. Divisjonskollega Fyllingen står på motsatt banehalvdel i Framohallen og det skal kjempast om to viktige poeng i årets siste kamp i 1. divisjon.

Det er eit formlag Bergsøy møter laurdag. Fyllingen har seks poeng på sine siste fire kampar. Sigerar mot henholdsvis Nøtterøy (33-31), OSI (31-21) og Melhus (28-19). Sterke resultater siste kampane visar til at komande kamp blir ei tøff oppgave for Bergsøy. Vi har snakka med Mikkel Hansen, Bergsøys bestemann førre kamp mot Randesund.

Mikkel Hansen scora tre mål på like mange skott og gjorde jobben defensivt førre kamp mot Randesund. (FOTO: Eivind Sævik)

Avreise Bergen og Framohallen natt til laurdag, kva er oppskrifta på to poeng mot Fyllingen?
Vi må utgjør en forskjell i vårt forsvar i samarbeid med vår keeper, som vil gi oss de lette og gode kontringsmål. Så må vi vise at vi både på papiret og på banen er eit bedre lag enn Fyllingen. Så kan vi gå til juleferie med ein god følelse.

Ein enkel kamp mot Randesund førre laurdag, er det vrient å omstille mot Fyllingen, som sine siste kampar har slått gode lag som Melhus og Nøtterøy?
Ja, det alltid litt vrient, men det er viktig at vi har fokus på våre eigne oppgaver og kva vi kan gjere for å slå Fyllingen. Vi må gå ut å vise at dagens tabellplassering ikkje er riktig og at vi siktar høgare opp. Da må vi slå lag som Fyllingen, som ligg under oss på tabellen.

Fyllingen snittar 81 tilskodarar pr kamp på heimebane. Det går rykter om at Bergsøy-herrane får følge av fleire Bergsøy-supportarar på Havila Kystrute ned mot Bergen. Vi håpar at fleire utflytta Herøyværingar møter opp i Framohallen imorgon for å skape liv. Kan Bergsøy-fansen klare å skape ei ramme som gjer at det vippar Bergsøy sin favør?

Møt opp i Framohallen laurdag klokka 18:00 og finn ut!