Regionsserie-runde for Bergsøy G16 i Herøyhallen

Laurdag 7. Januar brakar andre del av sesongen igang for Bergsøy gutter 16. Då arrangerer Bergsøy Handball første runde av regionsserien på nyåret!

Bergsøy tjuvstarta sesongen allereie onsdag 3. januar med ein treningskamp mot Volda Handball Damer. Der viste gutane at dei ikkje berre har opna pakkar og spist julemat i ferien, men også vore i hardtrening og alt i alt gjorde gutane ein fin figur i kampen. Bergsøy har byrja sesongen i regionsserien på strålande vis og har etter fire kampar vunnet tre kampar og berre tapt ein. Til helga kjem Strindheim/Byåsen og Nidelv på besøk for å kjempe om poeng. Nidelv som berre har spelt to kampar før helga har enda ikkje tapt ein kamp, mens Strindheim/Byåsen har spelt to kampar dei også, men har vunnet ein og ein uavgjort. Det er med andre ord to gode lag som ankommer Herøyhallen på laurdag.

Evaldas og gutane er klare for å byrje året med regionsrunde på heimebane. Foto: Bergsøy Handball

Laurdagens oppsett:

Klokka 10:00: Nidelv – Bergsøy

Klokka 13:00: Nidelv – Strindheim/Byåsen

Klokka 14:45: J12 Bergsøy 1 – Bergsøy 2

klokka 16:30: Bergsøy – Strindheim/Byåsen

Bergsøy Handball oppfordrar publikum til å kjøpe billettar elekronisk før dei ankommer hallen, slik vi unngår kø.

Billettar kjøpes her