VINTERFERIE OG REMA 1000 HANDBALLSKULE

Bergsøy Handball har gleda av å invitere til enda ein handballskule denne handballsesongen og den 5. Januar er påmeldinga endelig open! I vinterferien, 19., 20. og 21. februar arrangerar Bergsøy Handball REMA 1000 handballskule i Einehallen.

Er du allereie aktiv i handballgruppa eller ynskjer å prøve ut noko nytt? Kanskje kjenner du nokon som har lyst å prøve handball eller rett og slett berre har lyst å vere aktiv i vinterferien? Då er REMA 1000-handballskule den perfekte anledning til akkurat det!
Bergsøy Handball stillar med dyktige intruktørar frå 1. divisjonslaget, med gode hjelparar for å gjennomføre ein best mogleg handballskule. Det vil bli lagt tilrette for mykje aktivitet med og utan ball, eit fruktmåltid med drikke mellom øktene og god stemning!

I haustferien arrangerte Bergsøy Handball handballskule i regi BergHansen med stor suksess (Foto: Bergsøy Handball)

Som tidlegare vil Bergsøy arrangere handballskule frå 1. klasse og heilt opp til 7. klasse. Det vil bli sortert i to ulike puljer frå 1.-4. klasse og frå 5.-7.klasse.
Det vil bli organisert slik at øktene for 1.-4. klasse er frå klokka 09:00 til 11:00, så vil 5.-7. klasse ha økter frå 12:00-14:00.

Påmeldinga til handballskulen opna 05.01.24 og vil vere open til og med 05.02.24.
Meld deg på, spre ordet og hjelp oss gjerne med å fylle påmeldinga!
Det er totalt 50 plassar tilgjengeleg på handballskulen og det hadde vore svært gledelig å fylt opp påmeldinga!


PS: Etter påmeldingsfrist vil det dessverre ikkje vere mogleg å etterpåmelde som tidlegare. Så husk fristen!!

PÅMELDING HER