FØR KAMPEN: CHARLOTTENLUND

02.09.2023 klokka 14:00 blåste dommerane i gang tidenes fyrste 1. divisjonskamp i Herøyhallen mot nevnte Charlottenlund. Den gong gjekk Bergsøyherrane på eit 26-22 tap. Etter ei full runde i årets 1. divisjon ligg Bergsøy på ein respektabel 8. plass med 6 sigarar og 7 tap. Samstundes har Charlottenlund ein 3. plass med 8 sigarar, 1 uavgjort og 4 tap. Komande tirsdag klokka 18:00 møtast dei same laga til dyst att i «bartebyen».

Etter ei god julepause er Bergsøyherrane godt i gang med treningsarbeidet og det er ein revansjesugen gjeng som drar opp mot Trondheim mandagskveld. Vi har teke ein prat med Bergsøyspelar Petter Eikrem, for å høyre kva han tenker om tirsdagen motstander.

Petter Eikrem har spelt på seg sjølvtillit gjennom gode prestasjonar i årets sesong. (Foto: Marianne Skorpen)

Ein sesongstart med litt lite speletid har endt med meir speletid og meir tillit hos trenar Rikard Moe. Kva er grunnen for den positive trenden?

– Eg har lagt inn mykje arbeid, både i styrkerom og i hallen. Eg har dyktige lagkamerater som eg lærer noko nytt av kvar dag, spesielt Nicolay Nordli har gitt meg mange gode tips offensivt. Samtidig har sjøltilliten komt etterkvart. Det er eit nivå opp, men etterkvart merka eg at fintene som fungerar i 2. divisjon også fungerar i 1. divisjon. Med flyt kommer sjølvtillit.

Eikrem i aksjon heime mot Follo (Foto: Eivind Sævik)

Ein juleferie med ein lang periode uten kampar. Første motstandar på nyåret er Charlottenlund, korleis blir to poeng med heim i bagasjen til Fosnavåg?

– Eg har vore heldig å få spelt ein kamp med Spjelkavik (29-26 tap mot Kolbotn), men vi har allereie trent i 2-3 veker fysisk og med ball før kampen. Så eg er godt rusta til kampen. Taktisk trur eg forsvaret må være kompakt og vi må styre tempo til ein grad CSK blir frustrerte. Vi må spele bra angrep også.

Første seriekamp mot CSK endte med eit 26-22 tap, etter å ha henta inn ein 10målsledelse. Korleis stiller du dåverande Bergsøy opp mot dagens Bergsøy og sjansene til seier?

– Vi har blitt mykje meir samspelte, trygge på kvarandre, bygd relasjonar og fått meir struktur i angrepsspelet.
Vi har stått i fleire situasjonar i lag både i form av trening og kampar. I første seriekamp var vi nok preget av startnerver siden det var fyrste kamp i 1.divisjon for mange av oss, no har fleire av gutta fått meir erfaring og vi har vist at vi har noko i denne divisjonen å gjere. Så om gutta held seg til kampplanen og vi klarer å utføre den til punkt og prikke, er det ikkje urealistisk at vi tek med oss to poeng heim til Sunnmøre tirsdagskveld.

Vi kryssar fingrane for at Bergsøy og Petter Eikrem får ein god kamp og tek med seg to poeng heim til Fosnavågen.

Bergsøy oppfordrar alle utflytta sunnmøringar til å kome innom Charlottenlund Idrettspark tirsdag klokka 18:00 for å støtte herrane fram til siger!