EIT VIKTIG POENG MED HEIM FRÅ TRONDHEIM

Etter ein mildt sagt grusom start i serieåpninga henta Bergsøy inn ti mål på Charlottenlund, tok ledelsen og tapte til slutt 26-22. Trenar Rikard Moe var klar i sin tale: «reduser antall tekniske feil, så er me på høgde med dette laget». Det skulle vise seg å stemme denne kampen. Ein jevn kamp der Bergsøy viste seg frå sitt aller, aller beste defensivt og flotte kombinasjonar offensivt holdt til 26-26 mot nummer 3 på tabellen!

Tirsdagens kamp byrja jevnt. Laga veksla på ledelsen innleiingsvis og det var tydelig at begge lag hadde gjort den taktiske heimelekse si på motstandaren godt. Bergsøy, iført Nicolay Nordli, stod knallgodt i det offensive forsvaret sitt. Høge løft på ulike spelarar førte til at Charlottenlund sjeldent kom i den flyten og farta inn med ball som dei ynskja. Mange brudd og defensive løft førte til at Bergsøy fikk satt i gang kontringspelet, men takka være ein god keeper bakerst for Charlottenlund (19 redningar på 43 skott og ein redningsprosent på 44%) gjorde at Charlottenlund berre var eitt mål bak til pause (13-12).

– Eigentleg burde vi ha leia med mange mål til pause. Vi spelte knallsterkt defensivt, men bomma på litt for mange sjansar, var trenar Rikard Moe sine ord etter fyrste omgang til Vestlandsnytt.

Andre omgang var det Charlottenlund som starta skarpast. Frå å ligge under stort sett heile 1. omgang gjekk Charlottenlund til å lede store delar av omgangen. Då det stod att to minutt igjen av kampen scora Charlottenlund til 26-24 og det låg an til ein god prestasjon og null poeng i bagasjen for Bergsøy-herrane. Heldigvis har Bergsøy vist tidlegare at kampen er ikkje over før uret durar for 60 spelte minutter.

Ei straffescoring av Emil Raknes og ei redning av Oddvar Johan Roseth gjorde at Bergsøy hadde ballen med 30 sekund igjen med eitt mål under. Ein timeout seinere fekk linjespelar Haugen ballen og scora utligningsmålet 10 sekunder før slutt og eitt poeng var sikra for Bergsøy!

Målscorarar for Bergsøy. Bananes beste blei kantspelar Emil Raknes.

 – Med tanke på korleis kampen utvikla seg, var det enormt gledeleg å få utlikninga heilt på tampen, seier Rikard Moe til Vestlandsnytt etter kampen.

Eit poeng som kan bli livsviktig for videre eksistens i 1. divisjon neste år. Frå 4. plass til 10. plass skill det to poeng, og frå 9. plass til nedrykk-plass er det også berre to poeng som skill Bergsøy og Nøtterøy. Bergsøy ligg pr i dag på 9. plass med 13 poeng. Eit knallsterkt poeng på bortebane for Bergsøy gir sjølvtillit inn mot neste seriekamp i Herøyhallen komande søndag klokka 16:00. Då kjem Bodø handballklubb på besøk frå nord.

Tabellen kan du sjå her

Vi håpar flest mogleg tar turen til Herøyhallen for å heie fram Bergsøy til to viktige poeng i kampen om å avansere oppover på tabellen!