TO ETTERLENGTA POENG MOT GRENLAND

Ein tett og jevn kamp frå fyrste til siste minutt endte med to viktige poeng til Bergsøy-herrane. Anført ein glimrande sisteskanse i Oddvar Roseth og eit bunnsolid midtforsvar gjorde at publikumet i Herøyhallen kunne juble for to nye og viktige poeng i bunnstriden i årets 1. divisjon!

Søndagen byrja, tross to poeng, ikkje optimalt. Då Bergsøy-herrane samlast klokka 14:00 for taktisk møte kom beskjeden om at flyet til Grenland ikkje hadde lukkast med å lande på Hovden flyplass og flyet hadde blitt sendt vidare til Vigra. Det gjorde at kampen vart utsatt frå klokka 16:00 til klokka 17:00.

I det kampen byrja vart det som forventa ein tett og jevn kamp, prega av gode forsvarsaksjonar og flotte keeperredningar frå begge lag. Bergsøy som tidlegare har vore eit lag som har kjørt mykje tempo og scora mykje mål, heile 30,5 mål i snitt pr kamp, valgte i dag å forvalte kreftene litt annleis til denne kampen. Det verka å gje gevinst.
Fleire gongar i år har Bergsøy-herrane vore i leiinga med både 4, 5 og 6 mål mot henholdsvis Melhus, Grenland og Bodø i 1. omgang, men måtte til slutt ha sett seg beseira og endt med null poeng ved kampslutt. Slik verka det ikkje å bli denne kampen. Ein fyrste omgang prega av lange angrep og godt forsvarsspel gjorde at Grenland gjekk til pause med ei 11-10 leiing.

Bergsøys sisteskanse blei fortjent banens beste med ein redningsprosent på 49% (20 redningar på 41 skott)

I starten av 2. omgang var det disiplinert angrepsspel og eit energisk forsvarsspel, då Bergsøy gjekk frå å ligge under til å ta leiinga med god hjelp frå den åttande mann på tribuna. Frå det 3. speleminutt til det 8. speleminuttet i 2. omgang scora Bergsøy fire mål mot Grenland sine null scoringar og resultatet på tavla gjekk frå å vise 11-13 til 15-13 favør Bergsøy.

Der i frå og ut var Bergsøy i leiinga resten av kampen, sjølv om Grenland aldri var meir enn to mål bak, heilt til Petter Eikrem fjerna all tvil i det 59. speleminutt og satte inn 24-21 til stor jubel blant Bergsøy-fansen og sørga for at to poeng blei att i Herøyhallen!

Neste heimekamp er det duka for dobbeltarrangement i lag med Volda Handball, den 18. februar. Då blir det handballfest i Volda Campus.

Bergsøy Handball og Volda Handball gjer seg klar til «Sunnmørs-handballens festdag» i Volda Campus den 18. februar.