ORGANISERAR BUSS TIL VOLDA CAMPUS

Komande søndag 18. februar er det endelig fellesarrangement for Bergsøy Handball i lag med Volda Handball i Volda Campus!

Til den anledning organiserar Bergsøy Handball bussar for reisande supporterar frå Herøy til Volda.
Det er begrensa med parkeringsplassar utanfor Volda Campus og vi i Bergsøy Handball håpar at så monge som råd vil være med til Volda Campus med bussane våre for å lage ein heidundrandes handball-fest i lag med oss!

Informasjon om bussruta:
Avgong: bussen har avgong klokka 12:00 frå Herøy Kulturhus og vil returnere til samme stad klokka 20:00.
Pris: Bussbillett for vaksen vil koste 100,- for born under 16 år kostar det 50,-.
Påmelding: Send informasjon til handball@bergsoy.no, med navn, telefonnummer og mailadresse til påmeldte.

Informasjon om kampar, billettar og bussavgang med pris til komande søndag