FØR KAMPEN: NØTTERØY

Komande søndag er det endeleg duka for sunnmørs-handballens festdag i Volda Campus! Fyrst ute er Bergsøy-Nøtterøy klokka 15:00 etterfulgt av Volda-Glassverket klokka 18:00.

Bergsøy Handball organiserar bussar
Til søndagens dobbeltarrangement vil det vere mogleg å booke seg ein bussbillett til Volda. Det er begrensa med parkeringsplassar utanfor Volda Campus og Bergsøy Handball tar derfor initiativ til å gi moglegheit for å bli frakta til og frå Volda på søndag.
For å booke plass i bussen må ein melde seg på via mail til handball@bergsoy.no, med navn, telefonnummer og mail-adresse.

Søndagens kamp

Førre møte mellom Bergsøy og Nøtterøy kom tidlig i sesongen og vart ei skuffande forestilling av Bergsøy-herrane der Nøtterøy tok kommandoen og leda på det meste med heile ni mål! Sluttresultatet enda 39-35 til Nøtterøy. Sidan den gong har Bergsøy hatt både oppturar og nedturar i årets sesong, og når ein av årets viktigste kamp for Bergsøy-herrane bles i gang bør to poeng vere innen rekkevidde!

For eit Bergsøy-lag som har teke tre poeng på fem kampar etter jul (lik poengsum som Ros på nedrykkplass og to poeng opp mot Nøtterøy) er dette ein viktig kamp for å oppretthalde posisjonen sin på tabellen for vidare eksistens til neste års 1. divisjon. Nøtterøy har starta 2024 på ein flott måte, hadde tre strake sigerar mot Ryger(29-26), Ros (31-29) og OSI (31-28), før dei gjekk på eit tap (38-33) heime mot Melhus førre søndag. Bergsøy Handball har tatt ein prat med kantspelar Emil Raknes om søndags motstander Nøtterøy.

Lik poengsum som Ros og to poeng opp til Nøtterøy. Det er som mange gonger tidlegare nevnt ein rekordjevn 1. divisjon i år. Kva vil to poeng bety på søndagens kamp?
– Kvart einaste poeng tel i år og to poeng på søndag gir oss først og fremst ei styrking i posjonen om trygg plass. Sjølv om vi vinn på søndag betyr det ikkje nødvendigvis at vi avanserar opp ei plassering på tabellen, men at det kan bli eit eventuelt forsprang til Ros som vi har like mange poeng som i dag. Det er fortsatt mange viktige kampar som kjem og sjølv med siger etter Nøtterøy så må vi sannsynlegvis jage ein del poeng.

Emil Raknes og resten av Bergsøy-herrane er klar for å kjempe om to poeng mot Nøtterøy (Foto: Mariann Berge Skorpen)

Dobbeltarrangement med Volda Handball i Volda Campus, ein hall med betydeleg større publikums-kapasitet enn heime i Herøyhallen. Kan dette vere til fordel Bergsøy Handball?
– Ja, det er klart. Herøyhallen har eit enormt trykk frå publikum ut i frå kapasiteten og det er mange lag som sei det er ei super ramme her ute. Vi i spelargruppa håpar sjølvsagt at det kjem mykje folk frå heile Sunnmøre når Bergsøy Handball og Volda Handball samans inviterar til handballfest. Det hadde vore skikkelig kult om det kjem mykje tilskoderar og vi spelerane håpar sjølvsagt at dette skal gi laget den ekstra boosten vi treng for å ta to viktige poeng på søndag, før vi heiar fram Volda-damene til to poeng mot Glassverket!

PAKKEPRIS

Prisar på billettar (ein billett inkluderar både Bergsøy-Nøtterøy og Volda-Glassverket)
Vaksen: 200,-
Ungdom 10-16 år: 50,-
VIP billettar for bedriftar og voksne: 400,-
Personar som er eigar av årskort vil kunne nytte dette til Bergsøy-Nøtterøy.

Billettar kan kjøpast her

Les kva Vestlandsnytt skriv om sunnmørs-handballens festdag!

Bergsøy Handball og Volda Handball håpar at flest mogleg vil vere med på å lage handballfest i Volda Campus!
Me sjåast i hallen.