TO VIKTIGE POENG MOT OSI

Det var nok mange som forventa at dagens kamp skulle bli to enkle poeng for Bergsøy-herrane når OSI gjesta Herøyhallen med åtte spelarar. Førre kamp laga møttast i Oppsal Arena var det ikkje ulikt utgangspunkt. Då vant Bergsøy enkelt med 32-24. Søndagens kamp skulle vise seg å bli ei heilt anna forestilling.

Søndags ettermiddag møtte Oslostudentene i Herøyhallen med noko ein kalle eit redusert mannskap. Ei start-rekke på sju spelarar og ein reserve på benken. Nokon på tribuna synast å tenke dette kanskje var litt «skralt». Slik har OSI ofte stilt til kampar i år og sjølv med eit tynt antall i spelarar har dei allikevel bitt godt frå seg i fleire kampar i årets 1. divisjon.

IKKJE UNDERVURDER DEI

Sjølv om dei kjem med åtte spelarar skal ein ikkje undervurdere dei, lyt teamtalken i garderoba før kamp. Allereie etter fire minutt rakk OSI å vise kva for kvalitetar laget hadde. 0-3 og eit smått overraska publikum i Herøyhallen, fikk sjå eit Bergsøy-lag som gikk rett i taktikk-fella til OSI.
Eit tempo sjølv eit minihandball-lag kunne mestra. Frå keeper til ei bakrekke som ikkje hadde det travelt med å kome opp i angrep, to kantspelarar som ville kjenne på ballen før igangsetting av satsing – før det plutseleg sa «pang!» og ballen låg i mål bak eit ståande Bergsøy-forsvar. Det var tydeleg at Bergsøy sleit med halde oppe både konsentrasjonen og intensiteten i forsvar. Det virka å være ein frustrert gjeng, då det ikkje klaffa framover og ein må være tålmodig til neste moglegheit i angrep ved å stå så lenge i forsvar.

Ein omgang prega av lange angrep og mykje tekniske feil, fylgte laga kvarandre og veksla på kven som var i ledelsen i fyrste omgang. Iført to gode keeperar, Bergsøy sin eigen «Oddy» og OSI sin eigen sunnmøring, Espen Sørland Bjørge, varta opp med mange kvalifiserte redningar. Bergsøy gjekk til pause med leiinga 13-12.

FEM MAGISKE MINUTT

Godt ut i andre omgang såg det svært mørkt ut i ein kamp Bergsøy måtte vinne for å ha eit håp om å behalde plassen i 1.divisjon.
OSI tok kommandoen etter pause og gjekk opp til leiinga 21-17 med 14 minutt att på uret.
Så kom den perioden heile hallen venta på. Entusiasme, glød og trykk frå heimepublikumet. Eit forsvar med intensitet, som hjalp «Oddy» til gode redningar og god hjelp frå heimepublikumet gjorde at Bergsøy kom i drivet seint i 2. omgang og snudde 17-21 til 23-22.

Simen Haugen blei fortjent kåra til Bergsøy sin beste spelar, her frå ein kamp mot Bodø tidlegare i år. (Foto: Eivind Sævik)

Ein jamn kamp der Bergsøy viste seg å være skarpare enn OSI, viste resultat-tavla 27-25 etter 60 spelte minutt. To viktige poeng innkassert og håpet om vidare eksistens lev vidare for gutane i kvit og raud!