FØR KAMPEN: FYLLINGEN

Spenning til siste slutt. Årets 1. divisjon har blitt omtalt som kokos-ligaen frå fleire hold, og med god grunn! Komande laurdagen klokka 16:00 kjem nedrykksklare Fyllingen på besøk til årets siste og viktigaste kamp i Herøyhallen!

Dei som har følgt årets 1. divisjon tett har nok lenge trudd at den siste nedrykksplassen skulle delast ut til enten Bergsøy, Ros eller Nøtterøy.
Men dei to sistnevnte har vist til sterke prestasjonar dei siste kampane, tatt nødvendig med poeng og sikra plassen i årets 1. divisjon. Bodø derimot har seks strake tap og ligg plutselig, i likheit med Bergsøy, på 21 poeng og i fare for å rykke ned til 2. divisjon.

Etter dårlige prestasjonar for Bergsøy mot henholdsvis Ros (37-25 tap), Melhus (30-28 tap) og Ryger (31-25 tap), har Bergsøy vore innforstått om at hjelp frå andre lag har vore nødvendig. Det har vi, til den grad det er mogleg, fått! No står vi ovenfor ulike scenario ved ulike resultat. Endar Bergsøy med fleir poeng enn Bodø, vil sjølvsagt plassen i 1. divisjon være redda – og motsatt. MEN om Bergsøy og Bodø skulle havne på lik poengsum, blir det eit reknestykke i ein innbyrdes tabell.

Får Bergsøy og Bodø 23 poeng kan begge lag behalde plassen og rykke ned – avhengig av andre resultat.

Får Bergsøy og Bodø 21 eller 22 poeng vil Bodø ha Bergsøy på innbyrdes og Bergsøy vil rykke ned.

Med andre ord må våre gutar vinne kampen mot Fyllingen for å ha ein moglegheit for spel vidare i 1. divisjon 2024/2025!

Scenario 1:
Bergsøy vinn mot Fyllingen
Bodø vinn mot Oslostudentane
Sandefjord vinn mot Nøtterøy

Dette vil gjer at Bergsøy havnar foran Bodø innbyrdes og spelar 1. divisjon 2024/2025.

Scenario 2:
Bergsøy vinn mot Fyllingen
Bodø vinn mot Oslostudentane
Nøtterøy vinn mot Sandefjord

Dette vil gjer at Bodø havnar over Bergsøy innbyrdes og Bergsøy spelar 2. divisjon 2024/2025.

Scenario 3:
Bergsøy tek poeng mot Fyllingen
Bodø taper poeng mot Oslostudentane

Dette vil gjer at Bergsøy passerar Bodø og Bergsøy spelar 1. divisjon 2024/2025.

Scenario 4:
Bergsøy og Bodø tapar sine representive kampar

Dette vil gjer at Bodø går over Bergsøy på innbyrdes og Bergsøy spelar 2. divisjon 2024/2025.



Dette er utvilsomt årets viktigaste og kulaste kamp!
Vi håpar sjølvsagt på full hall og god stemning når Fyllingen gjestar Herøyhallen på laurdag klokka 16:00!

Kom på kamp, ta med deg ein venn og støtt gutane fram til to livsviktige poeng!

NBNB: Det er forventa mykje publikum i hallen, så det lønar seg å være tidleg ute med både kjøp av billett og med å sikre seg gode plassar på tribuna.

Billettar kjøpast her:
https://bergsoy.ticketco.events/no/nb