Tre Bergsøy-spelarar i avgang

Sesongen 2023/2024 er offisielt ferdig og tre dyktige handballspelarar og flotte personar forlet Bergsøy Handball for å ta fatt på nye eventyr.

Simen Angell Haugen

Simen kom til Bergsøy Handball via partnerklubb Spjelkavik IL før sesongen 2023/2024. Den målfarlege trøndaren på linja kom til Bergsøy etter to år i 2. divisjon hos Spjelkavik. Eit konstant uromoment for motstandaren i angrep og ein lagkamerat å sjå opp til når det kjem til mot og innsats- på trening og på kamp. 

Haugen i kjent stil (Foto: Eivind Sævik).

I tillegg til at Simen har kriga inne på linja hos Bergsøy og Spjelkavik dei tre siste åra, har han også gjort ferdig bacheloroppgava si – i økonomi og adminstrasjon på NTNU. Bergsøy Handball gratulerar!

Simen blir omtalt som jovial, sosial, heltemodig og haltende (blunk-blunk😉) av sine lagkameratar.

Den blide strekspelaren frå Strindheim endte sesongen 2023/2024 i 1. divisjon med 25 kampar og 125 reine spelemål.

Nicolay Nordli

Nicolay har teken same veg som lagkamerat Simen Angell Haugen: via Spjelkavik IL fant han vegen til Fosnavåg og Bergsøy Handball til sesongen 2023/2024.

Den blide og lune Langhus-gutten har saman med Simen Haugen utgjort den defensive midtblokka til Bergsøy Handball. I tillegg til ein solid forsvarsspelar, vil kanskje mange hugse Nicolay sine offensive bidrag, mest av alt signatur-finta: høgre-venstre-høgre. Fleire motspelarar burde nok komme tilbake med ei pølse meir enn ein gong.

Nicolay overraska Grenland med at han kunne kaste med begge hender, denne gong mot Melhus lukkast det ikkje med å sette ballen i mål (Foto: Eivind Sævik).

I tillegg til at Nicolay har stoppa spelar etter spelar defensivt, har han også brukt sine tre år på Sunnmøre med å gjere ferdig bacheloren sin i markedsføring, innovasjon og leiing på NTNU. Bergsøy Handball gratulerar!

Nicolay har vore ein trygg og sosial person i årets utgave av Bergsøy Handball og blir omtalt som ein morsom, påliteleg og trygg lagkamerat.

Den lune bakspelaren frå Langhus rakk å spele 26 kampar og score 62 mål for Bergsøy Handball i sesongen 2023/2024.

Raivis Gorbunovs

Raivis kom til Fosnavåg og Bergsøy Handball til sesongen 2021/2022.

Den skotglade bakspelaren frå Latvia var ofte høgt og lavt for Bergsøy, og var svært ofte enten sist eller neste sist på ballen. Noko som resulterte i fleire flotte mål og assistar i Herøyhallen.

Raivis i godt driv mot Follo (Foto: Eivind Sævik)

I tillegg til at Raivis har styrt bakrekka til Bergsøy har han også vore svært aktiv som trenar for klubben sine yngres-lag. Han var hovudtrenar for klubbens G12-lag og J16-lag i sesongen 2023/2024, og la ned enormt mykje tid til arbeide han gjorde.

Raivis blir omtalt som ein dedikert, seriøs og ein mann med stort konkurranseinstinkt av sine lagkameratar.

Den målfarlege Latviaren rakk å spele 55 kampar for Bergsøy og scora heile 321 mål.

Bergsøy Handball ynskjer å takke dei tre gutane for deira bidrag hos handballfamilien Bergsøy IL og vi takkar for magiske augneblink i Herøyhallen.

Vi ynskjer dykk lukke til videre dit veien førar!