Dommen er klar: 1. divisjon 2024/2025

Det har vore mykje usikkerheit rundt neste sesongen – sjølv om herrelaget enda på nedrykk, har Nøtterøy fått beskjed om elitelisens for neste sesong ikkje blir godkjent og at dei må ned til 2. divisjon. Det har vore ein lang prosess for begge klubbane med ei uklar framtid for sesongen 2024/2025. Det har med andre ord vore vanskeleg å vite om det blir 2. divisjon eller 1. divisjon på søre Sunnmøre.

No er dommen klar. Bergsøy beheld plassen i 1. divisjon 2024/2025 etter å ha takka ja til tilbodet frå Norges handballforbund, medan Nøtterøy dessverre må ta det tunge turen ned til 2. divisjon grunna raud kategori nok ein sesong.

Bergsøy har tatt ein prat med lagkaptein Emil Raknes og kva han tenker om situasjonen klubben står i no:

«Dette er jo supert for handballen på Sunnmøre, at vi får ein ekstra moglegheit til å stabilisere topphandball på Sunnmøre. Sjølv om vi helst skulle behaldt plassen poengmessig har vi vist i sesongen 2023/2024 at vi ikkje har vore noko kasteball i 1. divisjon. Sjølv om ein del spelarar har reist vidare, har vi ei talentfull gruppe her. Eg er sikker på med litt krydder av nye tilskott så vil dette bli veldig bra også sesongen 2024/2025. Det er bare å komme seg på jobb no! Vi gledar oss til topphandball i Herøyhallen også i 2025!»

Bergsøy etter ein knepen siger mot Ros i sesongen 2023/2024

For spørsmål og informasjon, henvis dykk til styreleiar Øyvind Bostad.

Mail: Styreleiar@bergsoyhandball.no
Telefon: 91385728