NYSIGNERING!

Baard Vassbotn med i 2024/2025!

Enda ein ny, lokal spelar er klar for Bergsøy 2024/2025-sesongen! Etter spel for Spjelkavik i fleire år, flytta Baard til Bergen for å studere og har dei siste sesongane spelt for Viking TIF. No er den hardtskytande bakspelaren klar for Bergsøy handball og 1. divisjonsspel!

Baard byrja si seniorkarriere hjå Spjelkavik samans med Bergsøy sin hovudtrenar Peter Pucelj, kor han hadde ei bratt uviklingskurve. Dei siste åra har bakspelaren føydd i 2002 vore i Bergen og spelt for Viking TIF sitt fyrstelag og rekruttlag, der han i 2022/2023 sesongen fekk med seg 6 kampar i 1. divisjon og scora 6 mål, samt 53 mål på 12 kampar for rekruttlaget. I sesongen 2023/2024 fekk han sin debut i Rema1000-ligaen i sesongens siste serierunde mot Halden Topphandball der han fekk med seg eitt mål. Han har vore svært toneangivande for rekruttlaget med heile 79 spelemål på berre 13 kampar for Viking TIF 2 i 2. divisjon.

(Baard fikk sin debut i Rema1000-ligaen mot Halden i sesongen siste serierunde. Foto: Bergensavisen)

Vi har har teke ein prat med hovudtrenar Peter Pucelj for å høyre kva han tenkar om Bergsøy si nyaste verving.

FRYKTLAUS!

Eg har trena Baard i fleire sesongar i Spjelkavik. Baard har alltid vore veldig profesjonell, motivert og dedikert. Han ynskjer alltid å bli den best mogleg handballspelar. Difør gledar eg meg ekstremt mykje til å fortsette å samarbeide med han. Baard er ein type som er bra både framover og bakover. Han har vore ein del av Viking TIF sitt lag og har fått erfaring frå elitedivisjon, som har gjort at han har tatt ekstremt store skritt videre. Eg har stor tru på at årets Bergsøy-utgave kjem til å nytte godt av det.

Baard har eit ekstremt stort konkurranseinstinkt og vil vinne mot alle. Han er ein fryktlaus type som viser ingen respekt – han vil vise kven som er best. Det forventar eg også Baard gjer i Bergsøy-trøya. At han vil komme med eit engasjement, kraft og vilje på treningsfeltet og i kampar.

Vi ynskjer Baard Vassbotn velkommen til Bergsøy Handball og gledar oss til å sjå han i aksjon i sesongen 2024/2025!