Treningshelg i Trondheim for herrelaget
Fredagsformiddag satte herrelaget snuten mot Trøndelag for å spille årets fyrste treningskampar mot Melhus, Charlottenlund og Tiller!
Årets nykomponerte Bergsøy-lag ankommer Trondheim og Scandic Lerkendal i ettermiddag, før dei spelar helgas fyrste kamp mot divsjonskollega Melhus klokka 19:00. Fjorårets møter mellom desse to laga blei to jamne kamper der Melhus fekk med seg alle fire poenga.
Laurdag klokka 14:00 møter herrane Charlottenlund. Før helgas treningsturnering blir avslutta med kamp mot nyopprykka Tiller, med to gamle kjenningar i tidlegare Spjelkavik- og Bergsøy-spelar Simen Haugen på linja og Håkon Forberg Tømmerdal på backen, på søndag klokka 12:00.
Det er eit nykomponert Bergsøy-lag som bl.a har mista spelarar som nevnte Simen Haugen (linje, Tiller), Nicolay Nordli (bakspelar, uvisst), Philip Haga (bakspelar, Bodø), Villak Bjørlykke (linje, skule i Horten) og Raivis Gorbunovs (bakspelar, Tyskland). Det blir ei helg med primærfokus på samspel og relasjonar med eit nykomponert lag. Årets Bergsøy-lag har nye tilskott og erstatterar for helga, som Markus Buchardt (bakspelar), Baard Vassbotn (bakspelar), Esben Høiris (linje), Eduards Malahovs (bakspelar) og Petter Eikrem (bakspelar). Så er Robert Csernai (linje) tilbake for spel for Bergsøy-drakta.
Dette blir ein fin moglegheit for årets Bergsøy-lag å finne ein peikepinn på kor laget står i forhold til sine divisjonskollegar, og ei perfekt forebuing til onsdagens NM-cup kamp mot Ørsta i Ørstahallen onsdag 21. august klokka 19:00.
Fylg med på Bergsøy Herrane sin instagram-konto for litt oppdatering på helgas resultater.