Lagskapteinen ferdig for sesongen..

Ei brå vending som han har gjort fleire gongar før, skulle få ein enorm konsekvens for vår sisteskanse bakerst i kassa. Etter MR-bilete på fredag, kom svaret i går og verst tenkelig beskjed: Avrevet korsbånd, rift på menisk og leddbånd.

Det er med tungt hjarte Bergsøy Handball informerar om at vår mangeårige lagkapein og keeper er ute for årets sesong 2024/2025 før den allereie er i gong.

Oddvar, verst tenkteleg beskjed igår. Kva kjensler gjekk gjennom hovudet i det du fekk beskjeden?

«Uff.. Nei, akkurat i det eg fikk beskjeden tenkte eg: «er det mogleg?» Eg ville nesten ikkje tru det. Eg har vore hjå fleire fagfolk og samtlige var positive i tilbakemeldinga, men ville ikkje bekrefte noko før eg var henvist til MR for bilete. Ein slik test kan ikkje gje noko sikkert svar, men samstundes var eg optimist i det MR-bilete blei bestilt. Eg hadde ein liknande skade førre sesong, då var eg ute i 2-3 veker, før eg var i full gong igjen. Denne gong føltes det veldig likt ut, samme smerte. Men nei, diverre kom verst tenkelige beskjed.. Så feil kan ein ta!«

Korleis blir det framover for deg no?

«Eg må nok åpenbart ta det med ro komande tid. Fyrst skal eg i møte med ein ortoped, så skal vi saman legge ein plan vidare – om det blir operasjon eller ikkje. Eg har heldigvis tidlegare og noværande lagkameratar som har oppleve same skade, i Erik Helgesen og Evaldas Grieze. Eg kan heldigvis søke råd og støtte hjå dei. Til både opptrening og rastlausheit.
Ein kan på ein rar måte sei at det er «flaks» at skaden skjedde meg. Guro (Oddvars forlovede) og eg har vår dotter, Live, i heimen. Det er ikkje noko tid for meg å deppe, eigentleg opplev eg at folk rundt meg er meir lei seg enn meg. Dagane går i ett og kvardagen er fortsatt fylt i glede!«

Oddvar med match-vinnande redning mot Nøtterøy i Volda Campus i fjor.

Korleis blir det å sjå gutta sette i gang med seriespel og kva blir di rolle rundt laget framover?

«Det verte spesielt, dette er jo mi fyrste alvorlege skade. Eg har vore med alle sesongane på herrelaget sidan eg var 16 år gamal. Ein må berre omstille seg og bidra der ein kan. Vi har to unge keepera i Magnus Myrvang Leine og Theo Skorpen Berge som eg kan bidra med triks og tips på trening. Slike ting kan ein diverre aldri forberede seg på, så ein må berre støtte gutta og bidra der eg kan! Eg var allereie på treninga idag og blir å dukke opp imorgon til NM-kampen mot Ørsta i Ørstahallen klokka 19:00. Eg vil forresten oppfordre alle Bergsøy-fans til å møte opp og heie fram gutane til siger!»

Bergsøy handball ynskjer Oddvar god bedring!