Profitabel treningshelg i Trondheim

Etter tre kampar på tre dagar mot divisjonskollega Melhus, Charlottenlund og Tiller i Trondheim, kjem herrelaget heim med mykje svar og god matchtrening.

Melhus-Bergsøy 27-26
Helga byrja med kamp mot Melhus, ein jamn og tett kamp fra start til slutt. Det var ein kamp prega av noko lavt tempo i 1. omgang, før tempo blei litt høgare i 2. omgang. Laga bytta på leiinga, med mykje godt spel fra begge lag. Melhus var best når det gjaldt og tok med det ein eittmåls-siger over Bergsøy i fyrste kamp. Ein kamp godt orkestrert frå vår nye bakspelar Markus Buchardt og linjespelar Esben Høiris. Dei to viste mot Melhus at Bergsøy har mange flotte aksjonar foran seg i årets sesong.

Vår nye danske linjespelar, Esben, gjorde ein svært god figur både defensivt og offensivt i helga som var.

Charlottenlund – Bergsøy 28-20
Kamp nr to for helga var ein kamp der laga vart samstemt om å rullere på benken. Charlottenlund stilte med sitt 2. divisjonslag, samstundes som Bergsøy lot fleire av spelerar fra benken sjå parketten. God erfaring for fleire av spelerane hos Bergsøy som spelte 4. divisjon og G16 førre sesong. Mange nye og framade konstellasjonar med nye taktiske system gjorde at Charlottenlund fra start var det sterkaste laget og gjekk av med sigeren.

Bergsøy sine målvakter, Magnus Myrvang Leine og Theo Berge fikk mykje speletid i helga som var, i fyrstekeeper Oddvar Roseth sitt fråvær.

Tiller – Bergsøy 28-22
Helgas siste kamp var mot divisjonskollega Tiller. Eit godt drilla Tiller-lag med mykje tempo i ankomsten gjorde det vrient for Bergsøy-herrane å henge med. Dei etablerte ei tidleg leiing og Bergsøy sleit lenge med å håndtere trykket og dei lange kryssbevegelsane til Tiller. Eit positivt teikn var at sjølv om Tiller etablerte ei solid leiing i 1. omgang, blei leiinga aldri større i løpet av 2. omgang.

Ein sliten Bergsøy-gjeng satt snuten heim frå Trondheim med tre strake tap, men mykje svar og god kamperfaring for eit nykomponert lag. Fleire steg i riktig retning mot første offisielle handballkamp.

Imorgon, onsdag, klokka 19:00 drar Bergsøy-herrane til Ørstahallen for å spele 2. runde i Norgesmeisterskapet. Vinnaren av den kampen møter vinnaren av Florø-Førde i 3. runde av NM.

Ta turen til Ørstahallen og støtt gutane fram til siger i årets første NM-kamp!