NYSIGNERING!

Sigvart Kval er navnet på Bergsøy si nye målvakt og er med i sesongen 2024/2025!

Då Oddvar Roseth fekk den tunge beskjeden om at han var ferdig for sesongen 2024/2025 blei det fort kjent at Bergsøy måtte ut på keeperjakt. Det førte til signering av Sigvart Kval. Eit ungt keepertalent føydd i 2002, som viser til 196 cm i det norske passet sitt. Han har allereie vore innom ei rekke klubbar på ei hittil ung karriere. Handballkarriera starta i Lillehammer/Fåberg, før vegen gjekk vidare til Storhamar. Frå Storhamar til den gong Rema 1000-klubben Nøtterøy og noværande Rema1000-klubb Haslum, før ein overgong til divisjonskollega ROS IL. No vart neste stoppestad Bergsøy og Fosnavåg for den unge målvakta.

Fyrst og fremst: Velkommen til Bergsøy, Sigvart. Ein hurtig prosess er no gjort slik at du er tilstade i Fosnavåg og i Bergsøy Handball. Fortell litt om prosessen:

«Ting skjedde jo veldig fort. Eg blei informert om at Bergsøy hadde fått ei alvorleg skade på si målvakt og var på utkikk etter ny. Der etter var det ein hurtig dialog med interesse frå begge partar. Etter litt betenkingstid blei valget gjort og her er eg, i herøyhallen, som Bergsøy-spelar!»

Sigvart var på besøk i Herøyhallen førre sesongen 23/24 med ROS. Kanskje var det den herlige atmosfæra i hallen som gjorde at valget til slutt enda i Bergsøy handball? (Foto: Eivind Sævik)

Ei trening i tanken for deg, korleis er inntrykket ditt av gruppa som ny?

«Det er tidleg å seie, reint kvalitetsmessig. Det er ei veldig imøtekomande spelargruppe som har tatt meg godt imot. Så eg ser veldig fram til arbeidet vi har framover oss vidare i sesongen, samt bli bedre kjent med nye lagkameratar, både sportslig og sosialt.«

Til slutt, kva er dine ambisjonar i Bergsøy, personlig og på vegne av laget?

«Personlig er det å utvikle meg som keeper. Mine sterke sider som keeper er nærskot, det, med mykje anna keepertekniske ferdighetar vil eg utvikle i løpet av sesongen, i form av treningsarbeid og mykje speletid i Bergsøy Handball. Ambisjonar på vegne av laget, må være at vi gjer ein god figur. Vi ynskjer å slå godt fra oss mot kvar einaste motstandar. Så får vi sjå kor langt det held!«

Vi i Bergsøy Handball ynskjer Sigvart Kval velkommen til Bergsøy Handball og ser fram til å sjå han i Bergsøy-drakta allereie komande søndag. Då spelar Bergsøy bortekamp i årets fyrste seriekamp i Porsgrunn mot Grenland, klokka 16:00.