NYSIGNERING

Siste mann inn i Bergsøy-troppa for sesongen 24/25 er ein dansk bakspelar med navn Christopher Ekmann!

Etter fleire år i dansk handball for HC Midtjylland i dansk 1. divisjon, byttar Christopher Ekmann ut dansk liga med norsk liga!

Christopher Ekmann er ein 20 år gamal bakspelar som ragar 1.90 cm over bakken. Han har tidlegare spelt med Bergsøy sin nye strekspelar, Esben Høiris Bloch i ungdomsavdelingen til HC Midtjylland, men Ekmann har siste åra allreie også tatt steget opp til seniorhandball og smakt på både dansk eliteserie og 1. divisjon.

Ekmann har tidlegare vore i stallen til HC Midtjylland i Danmark. Foto: HC Midtjylland-facebook)

Fyrst og fremst, velkommen til Bergsøy handball, Christopher. Første dag i ny by og Fosnavåg viser seg frå si beste side med strålande sol og blå himmel! Kva er ditt inntrykk av byen?

«Jo, du det her ser rett fett ut. Vi køyrde frå Danmark igår, via Larvik-ferga og opp igjennom fjella – så ankom vi Fosnavåg idag på ettermiddagen. Eit strålande landskap med flotte fjell, spesielt på en dag som denne. Dette kan eg verkelig bli vand til

Som med din landsmann, Esben, var det en hurtig prosess som gjorde at du endte opp med Bergsøy, fortell om situasjonen:

«Det gikk veldig fort. Fra å kommunisere med Esben om at Bergsøy ynskja ein bakspelar til, til dialog med klubben. Vi fekk ein god tone med ein gong. Ambisjonane til klubben og meg virka å være samstemte. Ein klubb og lag i utvikling var noko som passa meg, og mykje speletid for meg er viktig på dette tidspunktet i karriera mi. Så eit eventyr i Norge på høgt nivå frista så mykje at eg kom til Norge og Bergsøy på kort tid.«

Rett frå biltur på fredag til kamp på laurdag, kva kan Bergsøy-publikum forventa frå deg som spelar?

«Dei kan forvente ein spelar som alltid gir 100%. Eg ser på mi forse som duellspill og er flink til å spele ballen vidare til ein mann i god posisjon. Eg er ein litt avbalansert, all-around spelar som fyrst og fremst vil sjå laget lukkast- så eg ynskjer å bidra med mine kvalitetar for at laget skal vinne

Allereie komande laurdag i Herøyhallen klokka 16:00 kan du sjå Christopher Ekmann og resten av Bergsøy-laget i aksjon mot ROS IL i 1. divisjon!

Vi ynskjer Christopher velkommen til Bergsøy Handball!