Eitt poeng som smakte!
Eit Bergsøy-mannskap med høg sjølvtillit etter to gode prestasjonar satt seg på flyet ned til Stavanger søndagsmorgon med to poeng i sikte. Etter sterke sigerar mot Charlottenlund og TIF Viking på heimebane, var det ubeseira Ryger på bortebane som stod for tur.
Det var eit Bergsøy-lag med god tru om to poeng mot Ryger som stod med 4-1-0 etter dei fem fyrste kampane. Berre eit poengtap mot Grenland på bortebane. Men Ryger skulle vise seg å bli ei vrien nøtt.
Det var lenge jevnt og laga fulgte kvarandre tett i omlag 20 minutt, før Ryger sin keeper, Eirik Varpe, virkeleg stengte buret. Frå 7-7 etter 20 minutt til pauseresultat 16-9 fordel Ryger. Sjølv om resultatet til pause ikkje var som Bergsøy ynskja, så var det ingen grunn til misnøye med banespelet. Bergsøy kom til gode sjansar i sitt 7 mot 6-spel, men ein god sisteskanse i Ryger gjorde at dei kunne kontre inn fleire enkle mål i det åpne buret. Etter ein pauseprat kom Bergsøy ut med ny giv, men banens beste fortsatte der han slapp i 1. omgang . Han fulgte opp storspelet også i 2. omgang og etter 42 minutt stod det heile 20-10 til Ryger. Bergsøy kom til fleire 100% sjansar og satt med kjensla om at dei ikkje vart utspelt av Ryger, men heller at kvaliteten på avslutningane ikkje var bra nok.
Ferdig før kampen var blåst av?
På stillinga 20-10 verkar det som om det skjedde noko hos Bergsøy-gutane. Kampen gikk sin gang, eit mål her og eit mål der for Bergsøy, men Sigvart Kval var på hugget; ei redning her og ei redning der. Samtidig som Ryger byrja rullere på spelarar frå benken, henta Bergsøy inn mål etter mål. Ti mål vart til fem mål. Då valgte Ryger å ta ein time out og kom tilbake på bana med sitt sterkaste mannskap. Bergsøy fortsatte med eit aggresivt 5-1 motsvar mot Ryger sitt 7 mot 6-spel og det ført til nokon enkle mål og Bergsøy stod med ballen siste angrepet som Petter Eikrem klarte å sette i mål to sekund før full tid til 23-23!
Ein ordentlig snuoperasjon og guttane feira uavgjort som to poeng i det kampuret blåste av!
Banens beste
Dagens Bergsøy-mann og banens beste blei Markus Buchardt med 10(5) mål og 7 assist!
Med god hjelp frå spesielt Sigvart Kval (43%) og Petter Eikrem med 8 mål og 3 assist offensivt.
Dei to Bergsøy-spelerane scora heile sju av Bergsøy sine siste ti mål siste 20 minutta av kampen og heile 18(!!) av Bergsøy sine totale 23 mål mot Ryger.
KAMPFAKTA
Ryger – Bergsøy 23-23 (16-9)
Bergsøy sine målscorerar:
Buchardt 10(5), Eikrem 8, Nordli 2, Hansen 1, Bloch 1, Raknes 1
Toppscorer Ryger:
Jonas Løge 4 mål
Sigvart Kval 17 redningar (43%)