Viktige veker i vente for Bergsøy!
Bergsøy har lagt bak seg ein tung sesongstart og byrja seint oktober å sanke poeng etter poeng. Etter fire strake tap i innleiinga har Bergsøy bretta opp armane og jobba seg betraktelig opp på tabellen, både plasseringsmessig og poengmessig. Ein av grunnane for Bergsøy si fine form i vinter er ein lokal 20-åring, Petter Nygaard Eikrem!
Det tok tid før Bergsøy-maskineriet for alvor satt igang, men etter årets fyrste to-poengar har Bergsøy berre sett ei retning: Oppover!
Poeng på rekke og rad mot Charlottenlund, TIF Viking, Ryger, Falk Horten og Sandefjord – der Eikrem med sine 35 mål, som gir eit imponerande snitt på 7.2 mål pr kamp, har vore svært sentral då Bergsøy plukka ni poeng på fem kampar.
Etter to poeng mot Charlottenlund i Herøyhallen har Bergsøy framstått som eit heilt anna lag denne sesongen, betydde siger mot Charlottenlund meir enn berre to poeng for Bergsøy?
Ja, det er ikkje i tvil om. Kampen mot Charlottenlund betydde mykje meir enn berre to poeng. Det var ein stor lettelse for spelarane, for det viste at treningsarbeidet vi legg ned gir resultat. Samstundes var det utruleg deilig å få ein siger og få bekreftelse på at vi er eit godt nok lag til å hevde oss mot gode lag i divisjonen. Det gav oss blant anna sjølvtilit inn mot kampane mot Sandefjord og TIF Viking. Etter fire kampar utan poeng, følte vi plutseleg at vi kan slå kven som helst – spesielt på heimebane. Herøyhallen er alltid fullstappa og publikum er ekstremt høglytt. Det gir oss den energien vi spelerane treng underveis i kampen.
Eikrem er sjølv beskjeden når det kjem til eigen prestasjon sålangt i årets sesong: Eg har fått eit større rolle i laget denne sesongen kontra førre sesong. Samstundes kjem sjølvtillit med gode prestasjonar og siger. Eg tek større plass i laget, tar fleire skot, duellar og står mange minutter på bana. Med fleire gode spelarar som får mykje oppmerksomhet hos motstandaren, gir det meg mykje gode situasjonar med ballen i handa. Det er motiverande å spele med så mange gode lagkameratar!
Sjølv om Bergsøy til no har vore i eit fint driv, står det framleis fire viktige poeng på spel før juleferie. Etter helgas tap mot Tiller (31-26) i Trondheim er Bergsøy på 11 poeng og på 9. plass på tabellen. Fire poeng framfør Grenland med sju poeng.
Allereie fyrstkomande laurdag klokka 14:00 kjem nyopprykka Storhamar på besøk til Herøyhallen.
Etter tap mot Tiller er det viktig at vi finn tilbake til det som har fungert godt. Vi veit at toppnivået vårt er høgt og at vi har gode moglegheitar til å ta fire poeng før jul. Alle slår alle, også i år. Desto viktigare for oss å vinne kampar mot lag som er plassert under oss, spesielt på heimebane! Vi spelte godt mot Tiller i 45 minutt, men vi må bevise for oss sjølve at vi kan være gode i 60 minutt mot Storhamar. Ved hjelp av publikumet i Herøyhallen, så har eg stor tru på at vi skal ta poeng i dei to kampane før jul. Det vil også hjelpe oss å bygge sjølvtillit på nyåret! Vi må fylle hallen og lage handball-fest, oppfordrar Eikrem avslutningsvis.
Billettar kjøpast her: