To nye poeng mot Storhamar!

Førre tap i Herøyhallen kom mot ROS IL den 7. september. Bergsøy hadde ingen planar om å øydelegge den statestikken – og ingenting tyda på at det kom til å skje i gårsdagens kamp mot nyopprykka Storhamar!

Det var eit Bergsøy-lag som tydeleg var «sharp» frå starten av og etter ti minutt i fyrste omgang tok Bergsøy leiinga etter laga fylgte kvarandre tett. Iført ein god Sigvart Kval bakerst og ein aggresiv midtre firer i forsvar – gjorde at Storhamar sjeldent kom til gode moglegheiter og sisteskanse Sigvart Kval kunne vise til solide 43% redningar (18 redningar på 42 skot).

Sigvart Kval sin prestasjon gjorde at han fortjent fikk prisen «banens beste».

Framover spelte Bergsøy disiplinert og tålmodig angrep, fikk utnytta Storhamar sine svake sider og fleire spelarar bidrog til fleire mål. Spesielt god framover var den danske bakspelaren Christopher Ekmann (åtte mål), som hadde ein god kamp offensivt i Bergsøy-trøya.

Høgt og lågt. Ekmann bidrog med gjennombrot, assist og flotte enkeltprestasjonar mot Storhamar. (Foto: Eivind Sævik)

Bergsøy hadde god kontroll gjennom heile kampen og Bergsøy-publikumet gjorde ekstra applaus då lokale ung-gutar kom inn på tampen. Eirik Myrseth, Sander Aasen, Victor Grimstad, Iver Pettersen, Magnus Myrvang stod alle på bana i det sluttsignalet gjekk. Bergsøy fortsatte sitt gode spel og mange bidrog til ein flott 33-25 sigar og to nye poeng i 1. divisjon!

Lokale Bergsøy-gutar fekk god erfaring i 1. divisjon (foto: Eivind Sævik)
Glade gutar – Bergsøy kunne juble for to nye poeng!

1. divisjon menn, Håndballsesongen 2024/2025

Etter halvspelt sesong ser tabellen slik ut. Ei fin luke på seks poeng ned til nedrykksplass for Bergsøy-herrane.

NrLagKVUTMålP
1Sandefjord131003437 – 35520
2Viking TIF131003447 – 37220
3Melhus13913396 – 32519
4Charlottenlund12903393 – 35518
5Åsane13904414 – 38718
6Bodø12804358 – 33516
7Ryger Stavanger13535331 – 32413
8Tiller13616384 – 36213
9Bergsøy13616371 – 40313
10Grenland Topphåndballklubb13418349 – 3689
11Ros13319369 – 4287
12Falk Horten132110348 – 3885
13Storhamar132110336 – 3965
14HK-72 Sande132011351 – 4864

Årets siste heimekamp!

Allereie neste laurdag 21. desember klokka 14:00 kjem Åsane på besøk i Herøyhallen. Åsane har hatt ein knallsesong som nyopprykka til 1. divisjon. Bergenslaget ligg på ein imponerande 5. plass hittil og med 18 poeng har dei bevist at dei er eit lag som høyrar heime i divisjonen. Førre gong laga møttast vant Åsane stort mot Bergsøy, med siffera 35-22.

Bergsøy-herrane håpar at fleire tek turen til Herøyhallen for å skape handball-liv og støtte herrane til to viktige poeng!

Billettar kjøpast her: https://bergsoy.ticketco.events/no/nb