Bergsøy jaktar ny triumf mot Ryger Stavanger – Bergsøy Idrettslag

Bergsøy jaktar ny triumf mot Ryger Stavanger

Etter ein flott prestasjon mot Nordstrand førre helg kunne Bergsøy handball juble for to poeng og behalde førersetet i 1. divisjon. På søndag går turen til Stavanger og Ryger, eit lag som kjempar ein vel så viktig kamp som Bergsøy – men i andre enden av tabellen!

Det var aldri tvil om kven som skulle ha to poeng i REM Arena Fosnavåg då Nordstrand tok turen. Bergsøy fortsatte den gode trenden frå førre kamp mot Grenland og spelte hurtig, effektiv handball. Bergsøy kunne bruke heile troppa og fortsatte med høg kvalitetshandball då dei vant 35-29 mot laget frå austlandet.

Markus Buchardt ble kåra til banens beste mot Nordstrand (Foto: Eivind Sævik)

Kjempar for overlevelse!

Samstundes som Bergsøy kjempar i toppen av divisjonen, finn vi søndagens motstandar i andre enden. Ryger Stavanger har nok ikkje fått den sesongen dei kanskje såg for seg. Ein spelartropp som visar til mykje skadar og nyvervinger under sesong har gjort at laget berre har ein siger (35-32 Viking TIF) på dei siste ti kampane. Dette gjer at laget frå Rogaland berre er eit poeng over nedrykksstreken og er heilt avhengig av å begynne å plukke poeng snart.

EIT BERGSØY-LAG I GOD FLYT!

Året 2026 har starta godt for Bergsøy-herrane: fire poeng, +16 i målprotokollen og ein skadefri tropp. Dette gir god grunn til optimisme hos Bergsøy-supporterane. Skal dei klare å behalde posisjonen sin på tabellen er dei avhengig av å ikkje gå på poengtap mot Ryger Stavanger.

For Bergsøy er det mange profilar å trekke fram – og det er nettopp derfor laget leiar serien. Playmaker Petter Nygaard Eikrem er toppscorar i divisjonen og har vore svært sentral for Bergsøy si gode form denne sesongen. Markus Buchardt er ei anna drivkraft i Bergsøy. Playmakeren, som har vore litt plaga med skadar denne sesongen ser ut til å ha prikka inn forma til siste del av sesongen og har vore nest sist på ballen heile 88 gongar. På høgrekant har Emil Andreas Raknes vore dødelig effektiv, ein x-faktor som ofte avgjer kampar som står og vippar med ein uttellingsprosent på 78.57%. Bakerst står Sigvart Kval med 147 redningar på 15 kampar og er ofte ein x-faktor for Bergsøy bakover.

Det er med andre ord ein kamp med mykje på spel for begge lag. To lag som kjem til å kjempe med nebb og klør, som er heilt avhengig av to poeng for å være med i kvar sin ende av tabellen.

Bergsøy handball oppfordrar alle utflytta sunnmøringar som befinn seg i Stavanger-området til å ta turen til Stavanger Idrettshall søndag 1. Februar klokka 17:00!