
Sparebank 1 SMN fornyer med Bergsøy Handball
Styrkar samarbeidet – saman for ein sterkare region
Bergsøy Handball og Sparebank 1 SMN har fornya og forsterka Generalsponsoravtalen – eit samarbeid som no går inn i ei ny og endå meir ambisiøs fase.
Gjennom fleire år har partane hatt eit tett og godt samarbeid, og med den nye avtalen blir satsinga ytterlegare styrka. Målet er tydeleg: å løfte Bergsøy Handball vidare mot toppen av norsk handball – og på sikt etablere seg i Eliteserien.
– Vi er stolte av utviklinga Bergsøy har hatt på kort tid. Klubben har jobba målretta over fleire år, og no ser vi resultata. Dette er eit lag og eit miljø som er på veg opp – og som fortener støtte, seier banken i samband med avtalen.
Bergsøy har på få år teke store steg både sportsleg og organisatorisk. Med ei stadig sterkare spelargruppe, lokal forankring og eit brennande engasjement i klubben, peikar pila oppover. Ei satsing som denne handlar likevel om meir enn berre resultat på bana.
– For oss handlar dette også om lokalsamfunnet. Å bidra til idrett, aktivitet og fellesskap er å investere i framtida til regionen. Vi ønskjer å vere med på å gjere regionen til ein endå betre plass å bu, vekse opp og engasjere seg i, heiter det frå banken.
Samtidig kjem det ei tydeleg oppmoding til andre aktørar i næringslivet:
– Dette kan bli noko heilt spesielt. Vi oppfordrar fleire som har moglegheit til det, til å bli med og bidra. Saman kan vi vere med på å skape noko historisk for regionen.
I Bergsøy Handball blir den fornya avtalen møtt med stor takknemlegheit.
– Vi set enormt stor pris på tilliten og støtta vi har fått gjennom mange år. SpareBank 1 SMN har vore ein viktig samarbeidspartnar for oss, og denne vidareføringa betyr mykje – både for toppsatsinga og for breiddearbeidet vårt, seier klubben.
Med felles ambisjonar, sterk lokal støtte og eit tydeleg mål i sikte, ligg alt til rette for at Bergsøy Handball kan halde fram oppturen – til glede for heile regionen.
