FØR KAMPEN: HASLUM – Bergsøy Idrettslag

FØR KAMPEN: HASLUM

Etter Bergsøy innkasserte to poeng i Stavanger, er neste kamp på programmet den tidlegare storheita Haslum HK. Det er to lag i form som møtast i REM Arena Fosnavåg komande søndag.

TØFF SIGER I STAVANGER

Bergsøy-herrane reiste til Stavanger med ambisjonar om å hente to poeng. Ryger Stavanger kunne vise ei strålandes form på heimebane, berre ein kamp var tapt tidlegare i sesongen. Sjølv om Ryger tok initiativet tidleg i kampen med 9-5 leiing på det meste, viste Bergsøy karaktert og kvalitet, då dei sikre to poeng med resultatet 28-25!

Vi håper på fleire jubelscener på søndag. Her frå sigeren mot Viking TIF (Foto: Eivind Sævik).

Ambisjonar om REMA1000

Haslum-laget som kjem på besøk til REM Arena Fosnavåg rykka ned fra REMA1000-ligaen frå 24/25-sesongen, og har satt seg hårete ambisjonar om å komme seg tilbake til det gjeve selskap så raskt som mogleg. Laget frå Bærum har hatt eit generasjonsskifte sidan nedrykket og har prestert både høgt og lågt denne sesongen – kanskje litt som forventa, med ein låg snittalder. Etter ein god sesongstart med tre på stripe såg det positivt ut for Haslum- før laget gikk frå 3-0-0 til 3-0-5, med fem strake tap.
Stabilitet er nok eit nøkkelord for det unge laget, om det skal plukkast poeng i REM Arena Fosnavåg. Før søndagens kamp ligg Haslum på 9. plass med 14 poeng, berre tre poeng over kvalifisering til nedrykk.

EIT LAG I FLYT!

Bergsøy har sidan nyåret ikkje sett seg tilbake. Ein knallsterk siger i Stavanger må følgast opp med ein bra prestasjon mot Haslum om det skal hentast poeng i REM Arena Fosnavåg. Med leiinga på tabellen med lik poengsum som Viking TIF (6+ målforskjell), er kvar kamp ein «cupfinale» om 1. plassen skal erobrast på slutten av sesongen! Med ein skadefri tropp på heimebane ligg alt tilrette for ein målfest REM Arena på søndag.

Bergsøy handball har nytta godt av full tropp etter nyåret – her Rosenkilde tilbake frå skade (Foto: Eivind Sævik)

1. divisjon menn, Håndballsesongen 2025/2026

NrLagKVUTMålP
1Bergsøy161402500 – 44428
2Viking TIF161402561 – 44628
3Bodø161312506 – 38727
4Melhus161105493 – 45422
5Charlottenlund16907487 – 43418
6Nordstrand16718446 – 45215
7Tiller17719458 – 50615
8Kragerø17719478 – 54015
9Haslum HK16628458 – 46414
10Åsane16709478 – 48114
11Lillestrøm HK16439459 – 49011
12Ryger Stavanger162410415 – 4778
13Bjørnar163112454 – 5197
14Grenland Topphåndballklubb162014426 – 5254

Bergsøy handball gledar seg til fullsatt REM Arena Fosnavåg og god hjelp frå publikum når to gode lag møtast til kamp om to nye poeng.

Kjøp billettar her: https://billett.bergsoyhandball.no/event-buy/4988