
FØR KAMPEN: ÅSANE
Etter uavgjort førre helg mot Viking TIF og med god hjelp frå Ryger Stavanger som slo Bodø (28-24) har Bergsøy alt i egne hender i kampen mot 1. plassen i 1. divisjon 2025/2026! No ventar Åsane på heimebane i REM Arena Fosnavåg!
EIN TOPPKAMP VERDIG
Kampen om 1. plassen i Haukelandshallen var intens, velspelt og med spenning til siste sekund. Bergsøy var på det meste oppe med 26-21, men Viking kjempa seg tilbake og var oppe med to mål fem minutter før slutt. Ein kamp begge lag både kan være fornøgd og misfornøgd med at det ikkje blei to poeng. Bergøys Petter Nygaard Eikrem ga bortelaget leiinga 12 sekund før slutt, men Vikings Robin Wulvik klarte sette utligninga sekunder før slutt, som enda i 33-33 og poengdeling!
Med fantastisk støtte frå tribuna, var det ein godt besøkt Haukelandshall – både av Viking TIF-supporterar og Bergsøy-supporterar!

Alt i egne hender
Sjølv med poengdeling i Bergen, ligg Bergsøy fortsatt med initiativet i toppen. Tabellplasserte nr 13, Ryger Stavanger slo overraskande opprykkskandidat Bodø på heimebane, 28-24. Dette gjer at Bergsøy og Viking TIF fortsatt ligg to poeng foran Bodø med like mange kampar spelt.
1. divisjon menn, Håndballsesongen 2025/2026
☆
| Nr | Lag | K | V | U | T | Mål | P |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Bergsøy | 18 | 15 | 1 | 2 | 566 – 496 | 31 |
| 2 | Viking TIF | 18 | 15 | 1 | 2 | 641 – 507 | 31 |
| 3 | Bodø | 18 | 14 | 1 | 3 | 558 – 441 | 29 |
| 4 | Melhus | 18 | 12 | 0 | 6 | 559 – 521 | 24 |
| 5 | Charlottenlund | 18 | 10 | 0 | 8 | 548 – 485 | 20 |
| 6 | Nordstrand | 18 | 8 | 1 | 9 | 512 – 506 | 17 |
| 7 | Tiller | 19 | 8 | 1 | 10 | 521 – 586 | 17 |
| 8 | Kragerø | 19 | 8 | 1 | 10 | 540 – 613 | 17 |
| 9 | Haslum HK | 18 | 7 | 2 | 9 | 505 – 524 | 16 |
| 10 | Åsane | 18 | 7 | 0 | 11 | 546 – 552 | 14 |
| 11 | Lillestrøm HK | 18 | 4 | 4 | 10 | 519 – 552 | 12 |
| 12 | Bjørnar | 18 | 4 | 2 | 12 | 519 – 583 | 10 |
| 13 | Ryger Stavanger | 18 | 3 | 4 | 11 | 466 – 535 | 10 |
| 14 | Grenland Topphåndballklubb | 18 | 3 | 0 | 15 | 495 – 594 | 6 |
No står Bergsøy med framtida i egne hender og treng «berre» vinne resterande åtte kampar. Den fyrste av dei åtte kampane startar allereie komande onsdag, mot Åsane. Då kjem det talentfulle laget frå Bergen på besøk til REM Arena Fosnavåg. Etter to tap på stripe mot Bjørnar og Tiller er laget frå Bergen ute etter revansje og vil vise seg frå ei bedre side og ta poeng i REM Arena.
Bergsøy derimot, har vist knallform etter jul og står med ni av ti moglege poeng etter jul og +33 i målforskjell.
Kom på kamp og hei Bergsøy fram til to viktige poeng i toppen av tabellen!
Billettar kan du kjøpe her: https://billett.bergsoyhandball.no/event-buy/4990
