Berg-Hansen Nordvest er ny samarbeidspartnar for Bergsøy handball
Bergsøy Handball og Berg-Hansen Nordvest har inngått ein strategisk viktig samarbeidsavtale for å kunne vidareutvikle tilbodet til barn og unge i klubben, skriv klubben i ei pressemelding.#berghansennordvest
Det viktige for Berg-Hansen Nordvest er Bergsøy handball sitt samfunnsansvar mot barn og ungdom, der spesielt fjerninga av treningsavgifta for aktive under 10 år står sentralt. Dette tiltaket vil sikre at økonomiske barrierar ikkje avgrensar moglegheitene for barn og unge i regionen til å spele handball. Eit anna element som er viktig for Berg-Hansen Nordvest er også styrkinga av Bergsøy handball sin barne -og ungdomssatsinga med etablering av eige sportsleg utval for dei aldersbestemde laga, leidd av Pelle Kvalsund, skriv Berg-Hansen om samarbeidet.
Avtalen inkluderer også i tillegg ein eigen handballskule ein gong pr. sesong. Berg-Hansen Nordvest ønsker også Herrelaget lykke til i serieåpninga i Herøyhallen no lørdag kl.1400
F.v. Kristin Raanes, Mikkel Hansen, Emil Raknes og Oddhild Skorpen