Bergsøy Handball og HAV Group inngår sponsorkontrakt basert på felles verdier
Bergsøy Handball er begeistra over å kunngjere inngåelsen av ei ny og forbetra sponsorkontrakt med HAV Group. Dette samarbeidet er basert på felles verdiar, og eit ønske om å bidra til å skape gode oppvekstmiljø, der meistring og inkludering for barn og unge står i sentrum. Samarbeidet er også med på å sikre at klubben kan fjerne medlemsavgifta til alle barn under 10 år. Dette er eit viktig tiltak for at ingen barn skal bli ståande utanfor på grunn av økonomi.
HAV Group deler Bergsøy Handballs visjon om å skape gode oppvekstmiljø og ønsker å bidra til meistring og inkludering for barn og unge. Konsernsjef Gunnar Larsen seier at HAV Group bidreg med sponsormidlar til miljø-, kultur- og idrettsaktivitetar for barn og unge.
Organisasjonar som kan vise at dei har fokus på inkludering og mangfold vil vere foretrukne samarbeidspartnarar. – HAV treng flinke tilsette for å realisere HAV Group sine visjonar og planar og då må vi ha attraktive lokalsamfunn der vi er. Bergsøy Handball bidreg til å skape slike attraktive lokalsamfunn, og difor støttar vi gjerne aktiviteten deira, seier Gunnar Larsen.
Gjennom dette partnerskapet vil HAV Group bli ein av hovedsponsorane for Bergsøy Handball, og blir draktsponsor. Samarbeidet vil gi betydeleg økonomisk støtte til talentutvikling og breiddeidrett i klubben, og samtidig auke bevisstheita om verdien av inkludering og meistring for barn og unge.
HAV Group deler også entusiasmen rundt opprykket til 1.div for Bergsøyherrene. Vi er imponert over at vi her i lille Bergsøy kan oppnå slike nivå og heier på de videre.
Både Bergsøy Handball og HAV Group er entusiastiske over dette samarbeidet, og ser fram til å skape ein positiv skilnad for barn og unge i lokalsamfunnet.