UTSATT KAMP GRUNNA EKSTREMVÆR!
Grunna ekstremværet «Ingunn» og nedstengde idrettshallar hadde Bergsøy Handball, Sandefjord og Norges Håndballforbund ingen andre val enn å utsette dagens kamp mot Sandefjord i Herøyhallen.
Tirsdagskveld kom beskjeden om at skular, barnehagar, kulturhuset og idrettshallar i kommuna vert stengd frå klokka 12:00 ondags ettermiddag. Det medfører at onsdagens kamp mot Sandefjord ikkje er mogleg å avvikle og vi vil komme tilbake til ein dato og tidspunkt for når kampen vil spelast.
Bergsøy Handball oppfordrar sterkt alle til å følge kommuna sine retningslinjer og råd når «Ingunn» inntreff Herøy.
single/matches/next_match_ticket_wrapper.phphttps://prime.webcore.no/teams/583549/matches?from=1746101943&to=1809181143&sort=asc&usenif&size=5