FØR KAMPEN: MELHUS

Førre vekes kamp mot ROS endte med eit forsmedelig tap 37-25 og det betyr at ROS avanserar forbi Bergsøy på tabellen. Bergsøy ligg pr idag på nedrykk og har ikkje lenger alt i egne hender. For at Bergsøy skal behalde plassen i årets 1. divisjon er Bergsøy avhengig av å ta minimum tre poeng eller meir enn enten ROS eller Nøtterøy.
Neste moglegheit for å byrje å ta poeng er allereie fyrstkomande onsdag i Trøndelag mot Melhus.

Tirsdags ettermiddag satte Bergsøy-herrane seg på minibussen opp mot Trøndelag, før avkast onsdag i Melhushallen Nord.
Morgondagens motstandar Melhus er eit lag med blod på tann som har kvalifisering til Rema 1000-ligaen innan rekkevidde. Laget frå Trøndelag ligg tre poeng poeng bak Falk Horten som gir kvalifisering til Rema 1000-ligaen, då Charlottenlund som ligg på 3. plass har samarbeid med Kolstad og kan av den grunn ikkje rykke opp.

På andre sida av tabellen ligg Bergsøy-herrane og knivar med ROS og Nøtterøy. Kvart einaste poeng blir livsviktig for Bergsøy dei siste fem kampane av sesongen. Melhus, OSI, Ryger, Randesund og Fyllingen står att på blokka for våre gutar. Bergsøy har på ingen måtar gitt opp og er sterk i truga på å behalde plassen, og trua på to nye, viktige poeng er sterk i Bergsøy-leiren.

Onsdagens motstander: Melhus

Melhus er eit ambisiøst, ungt lag i årets 1. divisjon. Ei kjerne av gutar frå 01-kullet som har spelt handball i lag sidan bornehandballen. Med tilskudd frå andre trønderar og duellsterke venstreback Sturla Saur, tidlegare BSK-lagkamerat av Bergsøy-spelar Nicolay Nordli, utgjer dette årets Melhus-lag.
Eit godt kollektiv og forrykande tempo er det Bergsøy kan forvente i det kampen blåsast i gong.


Mikkel Hansen prøvar å overliste Melhus-keeper førre møte. (Foto: Eivind Sævik)

Bergsøy og Melhus har tidlegare i år allereie spelt to kampar mot kvarandre. I oppkøyringa av sesongen var Bergsøy i Trøndelag for å spele treningskampar mot divisjonskollega Charlottenlund og Melhus. Ei helg der Bergsøy drog heim med ein sigar og ein uavgjort (mot nevnte Melhus).
Førre gjeldande seriekamp mot Melhus virka Bergsøy å vere på vinnarsporet. Med 16-13 til pause og på det meste var Bergsøy oppe i ei 5-målsleiing (21-16) når det var att 20 minutt av kampen. Til Bergsøy sin frustrasjon og Melhus si glede, greide Melhus å score 12 mål siste 20 minutta av kampen, mot Bergsøy sine fattige 5 mål. Noko som resulterte i eit 28-25 tap mot onsdagens motstandar.

Revansje

Mykje står på spel for begge lag når kampen blåsast igang i Melhushallen Nord, onsdag klokka 18:00.

Vil Bergsøy få to sårt nødvendige poeng i nedrykksstriden eller vil Melhus legge trykk på Falk Horten i jakta om kvalifisering til Rema 1000-ligaen?

Svaret finn du enten i Melhushallen Nord eller på TV2 play, onsdag 06.02 klokka 18:00.
Bergsøy Handball oppfordrar og håpar utflytta Herøyværingar tek turen og heiar fram Bergsøy til to viktige poeng!