NYSIGNERING!
Ein gamel kjenning vender tilbake til Bergsøy for sesongen 2024/2025!
Etter to sesongar i Runar Sandefjord i Rema 1000,og tre sesonger i Viking TIF, i både 1. divisjon og Rema 1000-ligaen, kan Bergsøy stolte presantere Markus Buchardt som Bergsøy-spelar for komande sesong!
Mange i Bergsøy-miljøet hugsar nok den gongen herrelaget til Bergsøy spelte kvalifisering til 1. divisjon i 2018/2019 sesongen. Det var førre gong vi såg Buchardt i Bergsøy-trøye. Ein god sesong i 2. divisjon med 98 fulltreffarar og som «floor general» i det offensive banespelet som 18 åring fekk Rema 1000-klubbar til å opne augo for den hurtige playmakeren. To sesongar i Runar Sandefjord, før vegen gjekk videre til Viking TIF i tre sesongar. I Viking TIF blei det to sesongar i 1. divisjon, før det blei opprykk til Rema 1000-ligaen der Markus har gjort sakene sine veldig godt. Lagets målkonge og assistkonge, med knallsterke 108 mål og 138(!!) assist. Berre fem spelarar i Rema 1000-ligaen har vore nest sist på ballen fleire gongar enn Buchardt i år.
Vi har tatt ein prat med Bergsøy-trenar Peter Pucelj om betydninga for ei slik signering for Bergsøy Handball:
«Fyrst og fremst vil eg seie velkommen til Markus. Eg gledar meg veldig til å få han i spelargruppa!
Markus vil med sin erfaring bringe ekstra kvalitet, tryggheit og ein fantastisk personligheit i spelargruppa. Ein kan seie det er ein trenars draum å få ein så dyktig, lokal spelar i laget som har vore ein spelar dei yngre gutane i gruppa har sett opp til. Det blir ein anna standard på trening og på kamp frå no av, då det blir «masterclass», kor dei får lære av Markus.
Markus er ein sterk, naturlig leiar og eg forventar at han tar den rolla i laget med ein gong. Det er ein spelar som klarer å finne riktig valg i kvar situasjon. Ein spelar som vil lede spelet og lagkameratane sine til betre valg og tilslutt bli eit bedre lag av det. Det trur eg er den viktigaste egenskapen til ein ledar. Av erfaring veit eg at Markus er kapabel til akkurat det.
Det skal også bli veldig morsomt og ha ein spelar av dette kaliber og sjå utviklinga til dei lokale unge spelarane når dei får ein slik spelar å samarbeide med i treningskvardagen.
Vi ynskjer Markus Buchardt velkommen tilbake i Bergsøy-trøye!
Bergsøy Handball jobbar for tida svært godt og det vil komme fleire gode nyheite dei neste vekene.