NYSIGNERING!

21 år gamle Eduards Malahovs er Bergsøy si nyaste signering og er klar for Bergsøy Handball sesongen 2024/2025!

Eduards er ein hardtskytande bakspelar, som målar 189 cm over bakken, som kjem frå Latvia og spel for SK Latgols i den Latviske toppserien.

Eduards kjem i lag med kjæresten sin til Herøy Kommune og dei er allereie funne seg tilrette på Leinane.
Samstundes som han har spelt for SK Latgols har Eduards også spelt landslagskampar for aldersbestemte lag som U21 og U19-laget til Latvia. Etter å ha imponert i den heimlige serien første halvdel av sesongen, fikk han sin A-landslagsdebut på det Latviske landslaget på Baltic Cup 2023 mot Finland.

Eduards under Baltic Sea Cup 2023 for Latvia (foto: Salapils Sporta)

Vi har tatt en prat med hovudtrenar Peter Pucelj om nysignerte Eduards:

Vi er veldig glad for Eduards har valgt å kome til Bergsøy. Han er ein talentfull gutt som klarer å spele både framover og bakover. Han har vore topp fem målscorerar i det Latviske meisterskapet. Samtidig som han er ein dyktig gut, med høgt ambisjonsnivå for å bli ein toppspelar!

Eduards som er frå same by og har spelt i same klubb som vår tidlegare toppscorar, Raivis Gorbunovs.

Eg trur at Raivis har bevist at Bergsøy er ein klubb med gode utviklingsmoglegheitar. Eg forventar at Eduards fylg i samme fotspor, med ei bratt utviklingskurve. Ein spelar som kjem på trening kvar einaste dag med maksimal innsats og med eit mål om å bli ein betre handballspelar. Etter tid så vil Eduards spele bra for Bergsøy, så vi som klubb også kan hjelpe han å igjen ta på seg landslagstrøya til Latvia!

Vi må ikkje gløyme at han er ein ung gut i ei framad land og ny spelargruppe – vi må vere tålmodig, men samtidig forvente at rolla til Eduards i laget vil bli større og større for kvar månad.

Vi ynskjer Eduards Malahovs velkommen til Bergsøy Handball!