NYSIGNERING

Esben Høiris Bloch har signert for Bergsøy handball sesongen 2024/2025!

Esben er ein 20 år gamal linjespelar som har kome flyttandes frå Danmark, meir presist Holstebro. Den unge dansken, som visar til 188 cm over bakken, byrja si handballkarriere i Mejrup-Hvam og har tidlegare vore innom klubbar som Herning F.H, Silkeborg Voel, Bjerringbro Silkeborg og no sist i HC Midtjylland.

Esben i sin tidlegare klubb HC Midtjylland (Foto: Facebook H.C Midtjylland).

Bergsøy Handball har teke ein prat med Esben om den komande sesongen:

Første uke overstått i ny by, Esben. Kva er ditt inntrykk av din nye heimstad og klubb?

Eg har fått eit godt inntrykk av byen. Det er ein fin, liten by med mykje flott natur og fjell. Noko eg ser lite av til i mitt heimland. Bergsøy Handball har vært riktig behjelpelig med å kome meg på plass her i byen. Samt hadde eg min fyrste dag i arbeid i dag, i Troll-myra barnehage – så no byrjar ting å kome på stell!
Utanom det, virker laget som eit ungt, spennandes lag der spelerane jagar utvikling og alltid er 100% til trening.

Når ein aktiv handballdag er ferdig og det går mot fri, kva liker du å gjere?

Eg er glad i fysisk trening. Eg har allereie vore innom aktiv med lagkameratar. Når eg er åleine likar eg godt å sjå ein god film og så må eg innrømme at eg spelar ein del football manager.

Avslutningsvis, kva er forventningane til deg sjølv og til laget i årets sesong?

Mine personlege ambisjonar er å utvikle meg som handballspelar og bygge vidare på det eg allereie kan både defensivt og offensivt. Eg er ein spelar som likar å gå fremst og sette standarden, spesielt i forsvarsspelet. Eg er ein vokal type som ynskjer å få med meg alle saman. Ambisjonar på vegne av laget, så ynskjer eg at vi utfordrar våre divisjonskollegar. Ikkje berre dei vi forventar å slå, men også dei sterkere laga – gje dei kamp heilt inn og aldri gi opp!

Vi ynskjer Esben velkommen til Bergsøy-familien!