Enkelt vidare til 3. runde i NM

Bergsøy-herrane ankom Ørsta og Ørstahallen for å spele 2. runde i NM-cup onsdagskveld. Det endte med plankekøyring og ein 40-25 siger.

Sjølv om differansen mellom laga var stor i det sluttsignalet gjekk, var det på ingen måte ein enkel start for Bergsøy-laget i den fyrste offisielle kampen for sesongen 2024/2025. Ørsta byrja sterkast og var mest klar for kamp då dommarane blåste kampen igang. Ørsta var oppe i leiinga både 2-0 og 5-3, då det var spelt 7 minutt av kampen.

Rullering og nye konstellasjonar
På stillinga 5-3 til Ørsta, såg maskineriet til Bergsøy til å komme i gong for alvor. I ført Markus Buchardt, som blei Bergsøy sin toppscorar med 7 mål (5+2) og med fleire assist, køyrde Bergsøy som forventa fra Ørsta. Bergsøy gjekk smalt i troppa i den fyrste omgangen og stillinga var 20-11 til pause. Ein god Magnus Myrvang Leine med fleire flotte redningar på 100% sjansar frå Ørsta.

Buchardt viste nok ein gong at han blir sentral for Bergsøy sin angrepspel med fleire flotte assistar i kampen mot Ørsta. (Foto: Vestlandsnytt)

Etter kvilen rullerte Bergsøy mykje og alle frå benken fekk gode minutt på bana. Ekstra oppmuntrandes var det å sjå at sjølv om sentrale spelarar satt på benken, klarte Ørsta aldri å kome nærmere resultatmessig.
Theo Skorpen Berge stod heile 2. omgang og varte opp med flotte redningar, inkludert ei strafferedning. Fjorårets backrekke frå G16-laget fikk stå saman dei siste ti minutta av kampen og viste kvifør dei gjorde det godt i landsserien.

Alt i alt ei god gjennomkjøring for herrane, som tok enda eit steg i riktig retning!

Ørsta – Bergsøy 25-40 (11-20)

Bergsøy si tropp (scoringa i parantes):

Magnus Myrvang Leine, Theo Skorpen Berge, Iver Mortensen(2), Petter Eikrem(6), Sander Aasen, Emil Raknes(5), Markus Buchardt(7),Eirik Myrseth(2), Victor Grimstad(1), Baard Vassbotn(5), Mikkel Hansen(4), Robert Csernai(1), Iver Pettersen(3), Eduards Malahovs(1), Esben Bloch(3).

Tur til Vestlandet neste!

Neste kamp kjem allereie til helga, då reiser gutane til Førde for å spele 3. runde. Fastsatt dato og tidspunkt er enno ikkje klargjort, Bergsøy Handball vil kome med informasjon fortlaupande.